sparegris

Personen som fekk pengane trudde det var feriepengane som var komme inn på konto. Då fadesen vart oppdaga, oppfordra både banken og politiet mottakaren til å tilbakebetala pengane, men det skjedde ikkje.

Saka vart etterkvart lagt bort av politiet – og sendt konfliktrådet. Etter ein prat med begge partane sa dei ja til å møtast. Han som hadde tatt i mot  pengane, sa at den gongen han vart kontakta av politiet med oppfordring om tilbakebetaling, var han i eit økonomisk utføre og hadde ikkje pengar til det. No ønska han derimot å få skværa opp med han som tasta feil – og gjennom ein nedbetalingsplan få sendt pengane tilbake til rett konto.