Kva er ein avtale?

Det kan inngåast avtale i alle typar saker. I avtalen kan partane bli samde om erstatning for den skaden som er påført, enten ved at det blir betalt ein økonomisk kompensasjon, eller det blir avtalt arbeidstimar. Ein forsoningsavtale kan òg vera ei god løysing dersom partane føler dei har fått snakka ut om det som har skjedd, og blitt samde om korleis dei skal forhalda seg til kvarandre i framtida.

I straffesaker har partane to veker angrefrist på avtalen, medan partane må avtala angrefrist dersom det skal gjelda i sivile saker.

Straffesaker frå politiet der partane blir samde om ein avtale – og der avtalen blir innfridd – medfører inga registrering på den ordinære politiattesten. På den utvida politiattesten blir saka sletta dersom det ikkje blir gjort nye lovbrot dei neste to åra. (må avklarast vedr. nytt løyve)

Avtalen blir signert av partane og verje dersom partane er under 18 år – og dessutan meklar. Det blir avtalt ein frist (dato) for når avtalen skal innfriast. Dersom avtalen blir innfridd er saka avslutta, òg frå politiet si side.

Døme på avtalar

Det finst ingen standardavtale, og det er opp til partane i møtet å avtala kva dei vil ha med.

Døme kan vera Ola som har naska i butikken. I møtet med butikksjefen avtaler han å jobba tre laurdagar med å rydda på lageret. Heidi som vart tatt etter hærverk på skulen sin, gjer avtale om å betala tilbake 3000 kr i erstatning fordelt på seks månader med 500 kr. kvar månad. Eller Hans som etter å ha øydelagt blomsterurner i parkane i byen, jobbar i parkvesenet ei veke av sommarferien.

Espen som reiv i stykke jakka i slagsmål med Asgeir, gjer avtale om økonomisk erstatning av jakka til 1000 kr., og vil òg ha med i avtalen at han er lei for det han gjorde. Hærverk i barnehagen gjer Kari opp ved å jobba i parkavdelinga til kommunen nokre dagar, medan Else og Bjørg i avtalen sin blir samde om at mobbinga skal slutta, korleis dei skal handtera rykte som oppstår og dessutan korleis dei skal oppføra seg mot kvarandre når dei møtest. 

Herr Hansen ønsker konfliktrådet til å hjelpa til med å få ned det høge treet i herr Olsens hage. Avtalen dei to naboane gjer er at dei deler utgiftene til at eit firma høgg ned treet, og så skal veden stablast i hagen til herr Olsen. Lina på 7 år og hennar mor møter ein hundeeigar i nabolaget, etter at hunden hoppa over gjerdet og skremde Lina. Avtalen blir at Lina skal inviterast på tur med hundeeieren.

Tips en venn Skriv ut