jorik-kleen-bowling

På veg heim frå ein ungdomsfest ein vårnatt stoppa mange ungdommar på ein stad der dei kunne få seg nattmat. I køen ved disken vart det etter kvart ein noko amper diskusjon og knuffing mellom enkelte av dei. Dei enda på utsida av bygget der ein av tenåringane vart dratt i bakken. Han vart deretter slått og sparka av fleire medan han låg nede.

Angrepet vart stansa, delvis av andre som kom til staden. Noko seinare beklaga dei involverte i hendinga og bad om unnskyldning til offeret der og då. Han var heldigvis ikkje alvorleg skadd.

Politiet som alt var tilkalla, etterforska saka og tok ut sikting mot tre av ungdommane for valdsutøving mot liggande person. Saka vart av politiet send over til oppfølging i konfliktrådet.

Dei tre sikta og offeret møttest til mekling, alle saman med føresette. Alle tre gav uttrykk for angar over det som hadde skjedd og bad igjen om unnskyldning direkte henvendt til offeret. Han på si side, aksepterte unnskyldningane og tok samtidig litt sjølvkritikk for innblandinga si i diskusjonane i lokalet.

Den alvorlege stemninga i meklingsrommet vart forsterka då faren til offeret tok ordet og kjensleladd fortalde om kor redd han hadde vorte då han fekk høyra om hendinga. Offeret vart nemleg som liten gut utsett for ei alvorleg ulykke og vart livstruande skadd. Det vart lenge kjempa for livet hans og helbredelsen tok lang tid. Redselen var knytt til at slag og spark kunne utløysa nye skadar og tilbakefall.

Alvoret vart avspeilet i alle ansikta rundt bordet.

Då avtaler mellom partane skulle skrivast, viste offeret stor romslighet og foreslo at dei involverte kanskje kunne finne på noko morosamt saman – som å gå på bowling. Og det umiddelbart etter møtet! Det overraskande forslaget inkluderte òg dei føresette, og vart tatt godt imot av alle og tatt med i avtalane.  

Avtalepunktet vart oppfylt same kveld – medan meklarane kunne dra heim med ei god kjensle etter å ha opplevd eit heilt spesielt meklingsmøte.

Les meir om kva som skjer i eit meklingsmøte her.