Gjenopprettende prosessar i mekling

Restorative Justice (*RJ) -   ”gjenopprettede prosess” på norsk -  har til hensikt å retta opp igjen mest mogleg av den skaden offeret har vorte utsett for gjennom den kriminelle handlinga. Gjennom å møta offeret, stilla spørsmål og fortelja om kva for følgjer lovbrotet har hatt, skal gjerningspersonen stimulerast til å forstå konsekvensane av eigne handlingar og bli oppmuntra til å ta ansvar. Offeret kan få omarbeidd opplevinga, redusert angst og få innverknad på avtalen.

I ei ordinær sak i rettsapparatet blir ei kriminell handling definert som eit lovbrot mot staten, eller mot offentlege interesser – og gjennom det blir offerets og ofte interessene til gjerningspersonen sekundære.  I gjenopprettende prosess er gjerningspersonen først og fremst ansvarleg overfor skadelidde og lokalsamfunnet. Samfunnet skal gjera noko for offeret, ikkje berre ved å gjera noko mot lovbrytaren. 

Dei mest brukte og omtalte formene for *gjenopprettende prosess i dag er mekling mellom gjerningsperson og offer, eller eit stormøte der alle som er rørt av lovbrotet/konflikten deltar. I dette møtet fortel alle om kva som er skjedd, korleis handlinga har påverka dei og kva som kan blir gjorde for å reparera ”skaden” og få ei betre framtid. Det kan vera mange deltakarar i eit slikt møte. 

Gjenopprettende prosess har røter tilbake til fleire tidlegare kulturar og småsamfunn. Allereie i 1976 vart dette første gong introdusert i Noreg av professor Nils Christie. Dagens form bygger i stor grad på tradisjonar som er funne i maorikulturen på New Zealand. I denne kulturen snakkar dei ikkje om lovbrot, men om uakseptable handlingar og det blir fokusert på inkludering gjennom gjenoppretting. Gjenopprettende prosess blir i dag praktisert i Canada, USA og Australia og deler av Europa.

Tips en venn Skriv ut