Illustrasjonsfoto. Bildet er tatt av Tumisu fra Pixabay.

Illustrasjonsfoto. Bildet er tatt av Tumisu fra Pixabay.

Politiet oppretta ei straffesak på begge og dei samtykte i å møta i konfliktrådet. Erik og Marie møttest til mekling i konfliktrådet ein månad seinare og var begge flaue over si eiga åtferd. Ved hjelp av ein meklar, fekk dei eit innblikk i korleis den andre parten hadde opplevd situasjonen.

Erik fortalde at han ikkje hugsar så mykje av det han gjorde, men vart fortalt etterpå av kompisane sine at han hadde klikka på ein bil – og så kom politiet. Marie fortalde at ho hadde dårleg tid og visste at det var mange fulle folk i området der ho køyrde. Derfor hadde ho hjartet i halsen då ho nesten køyrde på Erik. Ho vart livredd då han oppførte seg utagerande.

Både Erik og Marie var full av kjensler rundt situasjonen.

 

Plar ikkje oppføra seg sånn

Erik meinte at han reagerte som han gjorde fordi han var redd og han skamma seg då han høyrde at han hadde gjort Marie redd. Marie på si side følte på dårleg samvit fordi ho ikkje hadde tatt nok omsyn og unnskulda seg med at ho måtte heim til barnevakta som venta. Meklaren som leidde møtet la til rette for god dialog mellom partane og dei snakka både om fortid, nåtid og framtid. 

For Erik var det viktig å få fram at han er ein høfleg mann som ikkje plar oppføra seg som han gjorde den kvelden. Også Marie ønskte å beklaga seg. Det som då stod igjen å løysa,  var skadeverket på bilen.

Marie hadde med seg dokumentasjon på utgifter og viste det til Erik og meklaren. Dei to skreiv ein avtale på erstatning for skadane på bilen. Dei pengane vippsa Erik over neste dag – og dermed kunne saka avsluttast. Saka vart send tilbake til politiet med beskjed om at ho var løyst i konfliktrådet.

I denne saka var det viktig at dei to kunne møtast for å snakka ut om tankane og kjenslene sine. Samtidig kunne dei få ei betre forståing av korleis den andre parten har det og gjera opp for skadeverket. Som det ofte er i konfliktrådet, handla ikkje saka om å vinna over den andre parten, men å ta ansvar for det som hadde skjedd og komma fram til ei god løysing som begge var fornøgde med.

For Erik var det viktig å få fram at han er en høflig mann som ikke pleier oppføre seg som han gjorde den kvelden. Også Marie ønsket å beklage seg. Det som da gjenstod, var skadeverket på bilen.

Marie hadde med seg dokumentasjon på utgifter og viste det til Erik og mekleren. De to skrev en avtale på erstatning for skadene på bilen. De pengene vipset Erik over neste dag – og dermed kunne saken avsluttes og sendes tilbake til politiet som løst i konfliktrådet.

                                                                 www.konfliktraadet.no