hender_meklingsmøte

Konfliktrådet fikk inn en sak der en gutt hadde filmet en jente som kysset med en annen.

Han hadde delt filmen med andre via sosiale medier. Jenta var fortvilet og flau. Hun visste heller ikke hvordan filmen av henne hadde kommet så mange utenforstående i hende. 

Hendelsen gikk veldig inn på jenta, og i etterkant slet hun med sosial angst. Jentas løsning på saken ble å anmelde den til politiet. Politiet sendte dermed saken til konfliktrådet. Mekleren i denne saken gjorde en innsats på å snakke med partene. Hun brukte lang tid på å forklare hva som skulle skje og på å trygge partene.
Etter en tid, var jenta klar til å møte. Mekler hadde mange telefonsamtaler som handlet om at jenta skulle føle seg trygg. Gutten gruet seg veldig til å møte. Han hadde skjønt at det han hadde gjort var helt feil.

Møtet endte opp med at jenta var glad for å ha deltatt i møtet. Mekler beskriver en jente som reiste seg mer og mer. På slutten av møtet hadde hun sagt følgende til gutten som hadde delt videoen av henne: «Jeg var veldig sint før møtet, men nå ser jeg at dette har vært vanskelig for deg også».

– Vi trong pengar og vi visste kvar vi kunne få tak i det, sa «Pål» som saman med ein kamerat stal pengar frå bestemora til kameraten.

Sjølv om dei vart idømde samfunnsstraff, var ikkje Pål ferdig med saka. Via Friomsorgen fekk han kontakt med konfliktrådet. Han skamma seg og ville møta den eldre dama. Det ville ikkje ho, men takka hjarteleg for brevet som Pål sende henne i staden.

Åtferda vår er ikkje alltid like rasjonell når vi drikk og kjenslene våre kjem sterkare fram. Det fekk ein ung mann erfara. «Erik», 19 år, var godt rusa og skulle heim etter eit utandørs arrangement han hadde deltatt i. Han tenkte at det kunne vore lurt å ta ein snarveg ned til t-banen og hoppa derfor over gjerdet og ut i bilvegen. «Marie», 30 år, måtte bråbremse og køyrde nesten ned Erik. Han reagerte med sinne og sjokk og slo til panseret og reiv av vindusviskarane. Politiet var på staden og melde Erik for skadeverk. Samtidig vart Marie meld for uaktsam køyring.

I denne saka var det viktig at dei to kunne møtast for å snakka ut om tankane og kjenslene sine. Samtidig kunne dei få ei betre forståing av korleis den andre parten har det og gjera opp for skadeverket. Som det ofte er i konfliktrådet, handla ikkje saka om å vinna over den andre parten, men å ta ansvar for det som hadde skjedd og komma fram til ei god løysing som begge var fornøgde med.

To jenter hadde sendt ei rekke krenkande meldingar til kvarandre, mellom anna «Du kan gå og henga deg», «Ingen likar deg», «Viss du hadde døydd hadde ingen brydd seg».

Skulen jentene går på hadde delt seg i to grupper med «tilhengarar» til kvar av jentene. Straffesaka enda opp hos konfliktrådet.

Meklarane oppdaga i formøtene at mødrene kunne vera ein distraksjon i meklinga, og valde i meklingsmøtet å plassera dei bak jentene slik at fokuset vart på jentene. Det vart skrive ein mellombels avtale, og avtalt oppfølgingsmøte etter ei stund. I den mellombelse avtalen bad ho som var påklaga om unnskyldning, og dette vart akseptert av klagar. Vidare skulle jentene sjølv ta ansvar og seia til vennene sine at dei hadde lagt konflikten bak seg, og ordna opp seg imellom.

Rektor ved skulen gav seinare tilbakemelding til politiet at meklinga hadde fungert veldig bra, og at det hadde skjedd ei positiv endring i åtferda til alle elevane på trinnet.

Ole opplevde marerittet i livet sitt etter to forsøk på brannstifting i bustadbyggeleaget der han og sambuaren bur

Vekene etterpå var prega av angst og manglande nattesøvn – som igjen gjekk utover arbeidet. Etter å ha møtt dei som stifta brannen er kvardagen i ferd med å bli bra igjen.
For Ole var det godt å få møta «gjerningsmennene» - og sjå at dette berre var to unge gutar, som i møtet sterkt beklaga og angra på det dei hadde gjort. Det var òg godt for Ole å bli fortalt at det var heilt tilfeldig at dei hadde tent på same stad to gonger.

At foreldra til gutane tok hendingane svært alvorleg, bidrog òg til at møtet fekk eit godt resultat.

Tips en venn Skriv ut