bom_pixabay

Gutane vart avslørte, og saka vart meld til politiet. I og med at gutane var under 15 år og under strafferettsleg lågalder, vart straffesaka lagd bort Politiet overførte deretter saka til konfliktrådet.

Alle dei involverte partane ga samtykke til meklingsmøte, og saka vart tildelt to meklarar som styrte prosessen vidare. Før partane møttest til meklingsmøte, gjennomførte meklarane individuelle samtaler med gutane med foreldra deira. Faren til den eine guten hadde med eit notat. Notatet oppsummerte forklaringa til guten heime, og der kom det fram at guten var uskuldig. Faren ønskte å understreka at sonen hans ikkje hadde gjort noko gale, og meinte at det var dei andre gutane som hadde stått for skadeverket. Dei samtykka likevel til å komma til meklingsmøtet.

Tok ansvar

Til meklingsmøtet møtte to personar frå firmaet som åtte bommen, og dessutan fire nervøse gutar i lag med foreldra sine. I meklingsmøtet fekk gutane etter tur forklara seg om kva som hadde skjedd den aktuelle kvelden. Alle gutane fekk fortelja «si» historie, og gutane fekk òg svara på spørsmål om kva dei tenkte, kva dei følte, og korleis dei hadde hatt det i ettertid eter at hærverket var gjort.

Guten som skriftleg hadde erklært seg uskuldig fekk fortelja historia si til sist. Det viste seg at han ikkje hadde tort å fortelja sanninga heime, men han innsåg på møtet at han måtte snakka ærleg slik som kameratane hadde gjort. Det viste seg  og at han hadde vore pådrivar for hærverket, og hadde vore den som var mest aktiv i handlingane.

Ærlege historier la grunnlaget for at gutane fekk ta ansvar og komma med ei unnskuldning, noko representantane for firmaet aksepterte. Dei var likevel ikkje heilt ferdig med saka. I meklingsmøtet kom det fram at den øydelagte vegbommen vart dekt av forsikringsselskap, men at firmaet sin  eigenandel til forsikringsselskapet var på kr 10 000. Gutane og foreldra inngjekk avtale om erstatning – kr 2.500 på kvar.

Alle avtalane vart innfridde i god tid før fristen og alle gav uttrykk for at dei var glade for utfallet i saka. Gutane var dessutan samde om å finna aktivitetar som ikkje får slike konsekvensar neste gong dei kjedar seg.

                              www.konfliktraadet.no