Dersom avtalen inneheld ein frist for når han skal vera gjennomført, skal den som er klagar/fornærma i ei sak, melde frå til konfliktrådet om avtalen er innfridd eller ikkje

Straffesaker

Straffesaker

Konfliktrådet sender ein kopi av avtalen som er inngått til politiet. Når fristen for avtalen er  ute,  får politiet beskjed om avtalen er innfridd eller ikkje. Dersom  avtalen er overheldt er saka opp og avgjort, viss ikkje, kan politiet ta opp saka igjen og vurdera andre *strafferettslege reaksjonar.

Straffesaker frå politiet der partane blir samde om ein avtale og avtalen blir innfridd, medfører inga registrering på den ordinære politiattesten. På den utvida politiattesten blir saka sletta dersom det ikkje blir gjort nye lovbrot dei neste to åra.

 

Sivile saker

Er saka sendt over frå politiet som sivil sak (for dei under 15 år eller der straffesaka er lagt bort) skal politiet ha ein kopi av avtalen og tilbakemelding om han er oppfylt eller ikkje.

Er avtalen innfridd blir saka avslutta, men dersom  ikkje vil konfliktrådet spørja partane om dei ønsker ny mekling.

I sivile saker der behandling i konfliktråd  ikkje fører fram, står klagar fritt til å ta kontakt med forliksrådet eller melda saka til politiet.