Geit

Bonden som driv med geiter i stor skala, har jobb utanom gardsdrifta, og dyra får først mat når han kjem heim seint på kvelden.  Når traktoren startar opp for å køyra til plassane der geitene blir fora, blir geitene ivrige og lagar støy – såpass høgt at naboane blir vekt frå søvnen. Dette skjer fordi vegen til garden går gjennom tunet til naboane.

 

Høg fare

Høg fare
I tillegg klaga naboane òg på at bonden heldt for høg fart gjennom tunet, noko bonden nekta for. Han ville heller ha fokus på at naboane trakasserte han – mellom anna ved å visa fingeren når han kom køyrande. Bonden på si side, meinte at naboane hadde flytta søppelkassene sine slik at det vart vanskelegare for han å køyra med traktor og tilhengar. Sms-meldingar frå bonden til naboane hadde ikkje blitt svart på – noko som irriterte bonden kraftig.

Kven som var årsaka til strida mellom naboane, var dei totalt usamde om.  Deira oppfatning av verkelegheita var heilt ulik. I samtalane dei hadde på førehand med meklarane kvar for seg, kritiserte dei oppførselen til kvarandre og det var tydeleg at det var stor slitasje på forholdet.

Høglydt stemning

Også då dei kom til meklingsmøtet i konfliktrådet, vart det «høglydt» stemning – såpass at meklarane måtte be partane om å roa seg. Alle fekk moglegheit til å komma med synspunkta og kjenslene sine, og etter kvart gjekk praten betre. Møtet enda opp i ein avtale der begge partar forplikta seg til å ikkje opptre truande overfor kvarandre.  Bonden skulle slutta å skriva meldinger på sms og i staden ringa dersom det var noko han ønskte å ta opp.  Dette var han ikkje veldig lysten til, men aksepterte det etter kvart.

Bonden forplikta seg til å køyra meir forsiktig gjennom tunet. Naboane som hadde tatt oppstilling langs vegen for å visa bonden kva dei synest om køyringa hans, lova å ikkje gjere det meir. Dei gjekk òg med på at søppelkassene skulle setjast noko lengre inn frå nabogrensa.

Ved avslutninga på møtet blei dei samde om å møtast på nytt etter nokre veker, for å sjekka ut korleis avtalen blei overhalden av partane. Tre månader seinare inviterte derfor meklarane til nytt møte. På dette møtet fekk begge høve til å seia om dei syntest avtalen var overhalden, noko dei begge var heilt samde om. Forholda hadde roa seg mellom dei og dei kommuniserte på ein grei måte.

                                                   *www.*konfliktraadet.*no