Bildet er fra pixabay

Bildet er fra pixabay

Av Joakim Hope Soltveit

Konfliktrådet tar imot førespurnader frå mange ulike partar og instansar. Både privatpersonar, skular, politi, borettslag, innsette i fengsel og domfelte hos friomsorgen tar kontakt med konfliktrådet. Ofte handlar det om å ta ansvar og seia unnskyld til nokon som er påført skadde eller ei belastning. 

Flau over at eg stal

Pål forklarte i møtet med meklaren i konfliktrådet at han og kameraten trong pengar fordi dei skulle på ferie. 

– Når eg tenker tilbake på det, skammar eg meg. Eg er så flau over at eg var med på å stela frå ei gammal dame, fortalde han og ønskte at konfliktrådet skulle kontakta bestemora og høyra om ho ville møta han. Sonen til den eldre dama svarte at det ønskte ikkje mora, men på spørsmål om Pål kunne senda eit brev, var svaret ja.

Det tok ei stund før Pål klarte å finna dei rette formuleringane, men målet hans var klart - han ville gi  tydeleg uttrykk for anger og han ønskte å retta opp igjen tryggleiken til den eldre dama.

Tydeleg angar i brevet

I ettertid ringde sonen til den eldre dama og takka for brevet.  Sonen syntest òg det var godt å sjå at handlinga ikkje var personleg retta mot mora hans. Og han var litt mindre frustrert då han forstod at det kravde mykje mot og angar frå Pål for å ta ansvar for det han hadde gjort. Etter å ha lese brevet forstod han meir om kva for tankar og kjensler Pål hadde rundt det som hadde skjedd. Han trekte spesielt fram setninga som Pål hadde skrive i brevet: «Framover i livet mitt skal eg alltid vera obs på at andre har det bra, noko eg håper du har».

I denne saka vart det ikkje eit gjenopprettende møte mellom gjerningspersonen og den fornærma, men det vart likevel kontakt «nok» til at han fekk bedt om unnskyldning og den andre kunne føla seg meir trygg. 

Brevet frå Pål

Eg tok kontakt med Konfliktrådet  sidan eg gjennomfører straffa for det tjuveriet som eg og ein tidlegare venn gjorde hos deg. Forstod at du ikkje ønskte å møta meg personleg, men at det var greitt at eg skreiv eit brev til deg. Eg vil derfor nytte  meg  av denne moglegheita.

Eg tar kontakt fordi eg angrar og vil gjera meg ferdig med alt det gale eg har gjort. Det eg gjorde, er noko eg aldri vil oppleva igjen, eg er ingen tjuv og heller ikkje ein person som får menneske til å føla seg redde. Eg opplevde situasjonen som ubehageleg, då den tidlegare vennen eg hadde, berre sa at vi skulle henta ei lommebok, og ikkje at vi skulle stå utanfor eit vindauge og snika oss inn og gjera det på den måten vi gjorde. Det er ikkje godt for meg at du skal føla deg redd heile tida, du skal aldri trenga å tenka tanken ein gong og eg håper du har det bra, trass det som skjedde. Har tenkt masse på kva som eigentleg skjedde, vi var ungdommar som berre ville reisa på ferie og trengde pengar, då den tidlegare vennen sa han visste om ei som hadde pengar i ei lommebok. Det var ikkje personleg mot deg, berre ein måte å få pengar på.  Tankane mine om deg, er at du har følt deg redd for to gutar du ikkje treng å vera redd for. Var derfor eg òg ville møta deg å seia det sjølv, eg er ingen tjuv eller ein som set andre i fare. Framover i livet mitt skal eg alltid vera obs på at andre har det bra, noko eg håper du har. Og du treng aldri å føla deg utrygg når det gjeld meg eller frykta at noko sånt kunne skjedd igjen. For noko sånt kunne eg aldri gjort igjen!

Unnskyldning og anger – med vennleg helsing Pål