bilulykke_Thomas Wolter_pixabay

I tillegg til dei fysiske og psykiske skadane ulykka påførte han, var Martin plutseleg midt i ei drapsetterforsking, der han måtte inn og vitne mot ein mann i eit miljø han ikkje ønskte noko samband med. Ulykka forandra livet til Martin. Han hadde smerter heile tida, fekk søvnproblem, og måtte gå til psykolog. Livet hadde med eitt vorte så innvikla.

Fem år etter ulykka fekk Martin ein telefon frå konfliktrådet. Tore, som sona ei lengre fengselsstraff hadde lyst å møta han. Tore hadde tenkt mykje på det som hadde skjedd, og på korleis situasjonen hadde vore for Martin. Tore visste at han hadde stått fram som kjenslelaus under rettsaka  og at han ikkje hadde tatt ansvar for det han hadde utsett Martin for.  Dette ønskte han å be Martin om unnskyldning for.

Først vart Martin skeptisk. Kva for fordelar kunne eit slikt møte ha for Tore? Var dette berre noko han ønskte for å kunna få kortare straff, eller betre vilkår for soninga? Kvifor ønskte Tore dette no?

Det er ein nokså naturleg reaksjon at menneske som har vorte utsette for ei kriminell handling, har behov for å vita kva motivasjonen til den andre, til å møta dei er. I Tore sitt tilfelle handla det om å anerkjenna kjenslene til  Martin og ta ansvar. Dersom Martin var sint, ønskte Tore å møta sinnet hans, var han redd, ønskte Tore å fortelja han at han ikkje hadde noko å vera redd for.  Å sona ei fengselsstraff handlar om å gjera opp for seg i forhold til staten. Tore ønskte å gjera opp for seg i forhold til eit heilt uskuldig menneske som dessverre hadde vore på feil stad til feil tid. 

Martin ønskte omtenkningstid og snakka med psykologen sin før eit eventuelt møte. Han ønskte òg at konfliktrådet skulle formidle til Tore at han var glad for at Tore hadde tatt kontakt med konfliktrådet.  

Det gjekk nesten eit halvt år frå den første kontakten med konfliktrådet til partane møttest ansikt til ansikt.  Martin valde å møta Tore inne i fengselet.  Han ønskte ikkje å ha med seg ein støtteperson til møtet, men hadde avtalt time med psykologen dagen etter møtet. Tore hadde med seg kontaktbetjenten sin til møtet. Begge partane var godt førebudd på kva dei ønskte å seia til kvarandre.  

Tore som hadde vore førebudd på både sinne og redsel, var nok ikkje førebudd på det Martin starta med å seie: 
«Eg ønsker å takka deg for at du torde å møta meg!»

Du kan også lytte til Konfliktrådspodden for å få vite mer om hva som skjer når mennesker som har noe uopppgjort møtes, ansikt til ansikt.