Kva skjer etter eit meklingsmøte?

Dersom avtalen inneheld ein frist for når han skal vere gjennomført, skal den som er klager/fornærma i ei sak, melde frå til konfliktrådet om avtalen er innfridd eller ikkje.

Illustrasjonsbilder

Straffesaker
Konfliktrådet sender ein kopi av avtalen som er inngått til politiet. Når fristen for avtalen er ute, får politiet beskjed om avtalen er innfridd eller ikkje. Dersom avtalen er overheldt er saka opp og avgjort, viss ikkje, kan politiet ta opp saka igjen og vurdere andre strafferettslege reaksjonar.

Straffesaker frå politiet kor partane blir einige om ein avtale, og avtalen blir innfridd, medfører ingen registrering på den ordinære politiattesten. På den utvida politiattesten blir saka sletta dersom det ikkje blir gjort nye lovbrot dei neste to åra. Det kan vere enkelte unntak, og ungdomsoppfølging og ungdomsstraff har eigne reglar.

Sivile saker
Er saka sendt over frå politiet som sivil sak (for dei under 15 år eller kor straffesaka er lagt bort) skal politiet ha ein kopi av avtalen og tilbakemelding om den er oppfylt eller ikkje.

Viss partane ønsker eit nytt møte, er det mogleg dersom begge partar ønsker det. I sivile saker kor behandling i konfliktråd ikkje fører fram, står klager fritt til å ta kontakt med forliksrådet eller evn melde saka til politiet.