Straffereaksjoner

Konfliktrådet har ansvar for fleire alternative straffereaksjonar; mekling i konfliktråd, ungdomsoppfølging, ungdomsstraff og oppfølging i konfliktråd.

Kva straffereaksjon som er aktuell, vil avhenge av kva slags sak det er snakk om.

Alle reaksjonane kan påleggast/idømmes av påtalemyndigheita og domstolen.

Mekling i konfliktråd er ein straffereaksjon som handlar om at gjerningsperson møter fornærma ansikt til ansikt, i enten eitt eller fleire møter. Det kallast gjenopprettende prosess. Mekling i konfliktråd kan òg vere veldig nyttig henlagte saker. Då handterast det som ein sivil sak.

For saker der ungdom var under 18 år på gjerningstidspunktet, kan både mekling og ungdomsreaksjonane vere aktuelle. Mekling i konfliktråd kan vere aktuelt kor det ikkje er behov for oppfølging av ungdommen over tid. Les meir her …

Ungdomsstraff og ungdomsoppfølging er aktuelle straffereaksjonar der ungdommen har behov for oppfølging over tid. Òg i desse sakene er gjenopprettende prosess eit viktig element. Les meir her …

Oppfølging i konfliktråd kan vere aktuelt i to type saker; for ungdom over 18 år med eit oppfølgingsbehov og i saker som gjeld vald i nære relasjonar kor det er behov for ein tettare oppfølging ut over eit gjenopprettende møte.

Mekling i konfliktråd

Gjenopprettende møter – kan nyttast av alle, både som straffereaksjon og i henlagte saker.

Les mer
Ungdomsstraff og ungdomsoppfølging

Straffereaksjoner for lovbrot gjort mellom 15 og 18 år.

Les mer
Oppfølging i konfliktråd

Straffereaksjon for unge over 18 år med behov for oppfølging, og i saker om vald i nære relasjonar.

Les mer

Video

Her kan du sjå film som omhandlar ungdomsstraff og ungdomsoppfølging.

Sjå òg fleire informasjonsfilmar på YouTube

Spørsmål og svar

Trenger du hjelp i en konflikt?

Finn ditt Konfliktråd eller meld inn saken din til konfliktrådet her.