Møte i konfliktrådet

Det er frivillig å møte i konfliktrådet. Konfliktråd er ei statleg teneste, gratis for alle.

I mekling brukast dialogen – slik at partane i større grad får innsikt i kvarandres handlingar, synspunkt og kjensler. Eit meklingsmøte i konfliktrådet leiast av ein upartisk meklar.

Du kan møte i konfliktrådet  i

Metoden som brukast i eit møte i konfliktrådet kallast gjenopprettende prosess, og er lik uavhengig om du møter i ein sivil sak eller i ein straffesak.

Hvem kan bruke konfliktrådet?

Privatpersoner og verksemder melder inn sivile saker til konfliktrådet, domstolen og påtalemyndigheita (politiet), kan sende over straffesaker til konfliktrådet.

Halvparten av dei ca. 6–7000 sakene som årleg oversendes konfliktrådet kjem frå politiet, mens resten er saker der privatpersonar ønsker bistand til å løyse ein konflikt eller usemje. I sivile saker kan konfliktrådet kan ta kontakt med den andre parten for å spørje om samtykke, mens i straffesaker er samtykke som regel avklart når saka oversendes konfliktrådet.

Eksempel på straffesaker som sendast konfliktrådet er skadeverk, truslar, innbrot, vald, mobbing og tjuveri. Sivile saker handlar ofte om konfliktar som er oppstått mellom naboar, familie, på arbeidsplassen – eller andre hendingar der dei involverte treng å prate saman.

Møtet leiast av 1–2 meklarar. Det er mogleg å ha med seg ein støtteperson inn i møtet.

Hvorfor bruke konfliktrådet?

Hvis du er i ein konflikt med nokon, har gjort ein straffbar handling eller sjølv blitt utsett for ein slik handling, kan det å møte den andre ansikt til ansikt, gjere at du lettare kan få tilarbeidde hendinga og legge det bak deg.

Møtet i konfliktrådet som leiast av ein eller to upartiske meklarar, gir deg ein moglegheit til å snakke med den andre. Du får seie det du ønsker, og du kan stille dei spørsmåla du vil. Gjennom møtet får du innsikt i kva den andre tenker og meiner om det som har skjedd. Du får innflytelse på kva som skal stå i ein eventuell avtale.

Viss ein kjem til semje, så kan avtalen innehalde praktiske gjeremål som skal settast i verk, økonomisk erstatning eller vere ein såkalla forsoningsavtale der partane einast om ein avtale begge kan godta. Avtalen kan blant anna innehalde korleis dei skal stelle seg til kvarandre i framtida.

Hvordan melde inn ein sak til konfliktrådet

Alle kan ta uforpliktande kontakt med konfliktrådet for informasjon, råd eller rettleiing om ein aktuell sak. Konfliktrådet har tausheitsplikt.

Er du part i ein straffesak og ønsker mekling i konfliktrådet, kan du be politiet vurdere om saka eignar seg til dette. Dette bør du ta opp så tidleg som mogleg for eksempel når du møter til avhøyr eller ved melding. Du – og den andre parten – vil då bli spurt om de samtykker til konfliktrådsbehandling.

I sivile saker kan kven som helst ta direkte kontakt med sitt konfliktråd – som igjen kan ta kontakt    med den andre parten og spørje om han/ho samtykker til eit møte. Konfliktråd er frivillig. I dei fleste saker inngåast det ein avtale mellom partane.

Trenger du hjelp i en konflikt?

Finn ditt Konfliktråd eller meld inn saken din til konfliktrådet her.

Historier frå meklingsrommet

Trenger du hjelp i en konflikt?

Finn ditt Konfliktråd eller meld inn saken din til konfliktrådet her.