Kva skjer før eit meklingsmøte?

Alle involverte må seie ja til å møte i konfliktrådet. Det er frivillig å møte å konfliktrådet, både om du vil møte, eller om du ønsker å trekke deg før eller under møtet.

Illustrasjonsbilder

Alle involverte må seie ja til å møte i konfliktrådet. Det er frivillig å møte å konfliktrådet, både om du vil møte, eller om du ønsker å trekke deg før eller under møtet.

I første omgang blir du invitert til ein forsamtale med meklar der du vil få informasjon om kva konfliktrådet er, korleis eit møte med den eller dei andre deltakarane skjer, og du kan stille dei spørsmåla du har. Meklaren vil snakke med deg om kva du ønsker skal komme ut av møtet og kva du har behov for å seie til den eller dei du møter.

Ønsker du å ha med deg ein støtteperson, skal det òg avklarast i forsamtalen. Du kan ikkje møte med advokat, men kanskje du har eit familiemedlem, ein venn, ein lærer o.a. som kan vere med deg. Den andre parten vil i forkant bli informert dersom du ønsker å ha med ein støtteperson.

Formøtet kan forgå ved frammøte, på telefon eller som eit skjermmøte.

Er partane under 18 år, har forelde og verje rett til å vere til stades – og dei skal òg underskrive ein eventuell avtale.