Kva skjer i eit meklingsmøte?

Det er meklaren som leiar møtet. I meklingsmøtet får alle seie det dei ønsker, men i ein tone og ein ordbruk som gjer at ingen føler seg utskjelt eller utrygg.

Illustrasjonsbilder

I møtet snakkar vi om det som har skjedd (fortid), korleis situasjonen er i dag (notid) og korleis partane ønsker det skal bli (framtid). Målet for møtet er at alle skal få innsikt i kvarandres handlingar, meiningar og kjensler.

Dei fleste møta varer frå 1- 3 timar. Møtest leiast av 1–2 meklarar. Desse har tausheitsplikt.

Alt er frivillig i konfliktrådet. Det er møtedeltakarane – og ikkje meklaren – som bestemmer kva som skal stå i ein eventuell avtale, og det er frivillig om du vil inngå ein avtale eller ikkje. Meklarane skal likevel godkjenne avtalen straffesaker er det to vekers angrefrist på avtalen, mens i sivile saker må de sjølv avtale ein angrefrist viss de ønsker det.

Det er tausheitsplikt for alle som er med. Ingen skal fortelje kva som skjer i møtet. Formålet med tausheitsplikta er at alle skal kunne snakke fritt og føle seg trygge på at det som blir sagt ikkje kjem vidare – utan at partane sjølv gjer ein avtale om det.