Om konfliktrådet

Konfliktrådet er ei statleg teneste som tilbyr mekling som metode for å handtere konfliktar. Meklarane i konfliktrådet legg til rette for møta mellom partane i ein konflikt. Det er gratis å bruke konfliktråd.

Eit møte i konfliktrådet kan vere meklingsmøte, ungdomsstormøte, tilrettelagt møte, oppfølgingsmøte eller andre møter i regi av konfliktrådet.

Hensikta er at partane gjennom dialog kan finne fram til gode løysingar enten det gjeld å gjere opp for konkrete lovbrot, eller gjenopprette mellommenneskelege relasjonar. Metoden som brukast, kallast gjenopprettende prosess.

Vi er nytenkande, har fokus på kvalitet og har tru på mennesketChristine Wilberg, direktør

Konfliktrådet har eit spesielt ansvar for unge i konflikt med lova, og gjennomfører dei strafferettslege reaksjonane mekling i konfliktråd, oppfølging i konfliktråd, ungdomsoppfølging og ungdomsstraff.

I samfunnsoppdraget inngår i tillegg ein breiare kriminalitetsførebyggande rolle gjennom bidrag til kunnskapsbasert kriminalitetsførebygging, både nasjonalt og lokalt. Konfliktrådet forvaltar SLT-modellen, og støttar ca. 180 SLT-koordinatorar i sitt arbeid landet over.

Konfliktrådet er ein del av strafferettspleia og er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet, og administrerer òg statlege tilskot til kriminalitetsførebygging, førebygging av vald i nære relasjonar og radikalisering.

Trenger du hjelp i en konflikt?

Finn ditt Konfliktråd eller send inn saken din til konfliktrådet her.