Bildet er fra pixabay

Sende angerfylt brev etter tjuveri frå bestemor

– Vi trong pengar og vi visste kvar vi kunne få tak i det, sa «Pål» som saman med ein kamerat stal pengar frå bestemora til kameraten. Sjølv om dei vart idømde samfunnsstraff, var ikkje Pål ferdig med saka. Via Friomsorgen fekk han kontakt med konfliktrådet. Han skamma seg og ville møta den eldre dama. Det ville ikkje ho, men takka hjarteleg for brevet som Pål sende henne i staden.