Etter å ha møtt dei som stifta brannen er kvardagen i ferd med å bli bra igjen.
Første gong han opplevde brann, var ei vinternatt i byrjinga av januar. Ole vakna av bråk på utsida av huset, og såg at det brann i ei handlevogn to meter frå huset. Han sprang ut, og såg to mørkkledde personar som sprang frå staden. Ole varsla politiet om hendinga, men gjerningspersonane var borte då politiet kom staden.
I etterkant av hendinga sleit Ole med å få sova – han tenkte mykje på kva som kunne skjedd om brannen hadde fått utvikla seg og det tok fyr i bustadbyggelaget der han bur. Både han, sambuaren, og dei fem andre familiane i bustadbyggelaget, var sterkt skaka av hendinga. Ole frykta at det kunne skje igjen sidan media skreiv om fleire branntilløp i nærleiken.
Flammar oppetter veggen
Ei natt i mars skjedde det Ole frykta; igjen høyrde han bråk utanfor, og såg at avfallsdunken med papp og papir var tent på, samtidig som han såg flammar oppetter veggen på sjukeheimen i nærleiken. Han sprang ut og vart igjen vitne til to personar som la på sprang. Ole fekk sløkt brannen ved sjukeheimen, brannen i pappcontaineren døydde ut på eiga hand i mellomtida. Igjen varsla Ole politi og brannvesen. Denne gongen fekk politiet arrestert dei som hadde tent på brannen, og det viste seg å vera to unge gutar på 15 år. Ole vart innkalla som vitne i saka, og i avhøyr innrømte gutane å ha tent på begge brannane utanfor bustadbyggelaget og innrømte òg å stå bak branntilløpet ved sjukeheimen.
Straffesakene vart overførte til ungdomsoppfølging i Konfliktrådet. I haust tok Konfliktrådet kontakt med Ole og inviterte han til eit oppattrettande møte med gutane. Ole takka ja til å møta gutane, men var nervøs og spent før møtet! Samtidig ønskte Ole svar på ein del spørsmål, mellom anna om kvifor bustaden hans var freista tent på to gonger. Han frykta at kanskje nokon var ute etter han eller andre som budde der, og Ole hadde vurdert å flytta då angst og mangel på søvn gjorde det vanskeleg å handtera kvardagen. Ole tykte det var veldig bra at politi og brannvesen vart invitert til møtet.
Sterke inntrykk i møtet
I møtet forklarte dei unge gutane som hadde stifta brannane, at dei bruka å stikka ut på nattetid etter at foreldra hadde lagt seg. Dei hadde inga anna grunngiving for handlingane sine enn at dei kjeda seg. Begge gutane såg på dette som «gutestrekar» og meinte at dei hadde tatt nødvendige omsyn som skulle forhindra at brannen spreidde seg til bygningar rundt. Denne oppfatninga vart raskt endra etter utsegnene til brannvesenet og politiet. Gutane fekk òg ei større forståing av kva for ein ressursbruk og kostnadar for samfunnet «gutestrekane» hadde medført. Men aller sterkast inntrykk på gutane gjorde nok Ole når han fortalde om korleis handlingane hadde påverka han i ettertid!
For Ole var det godt å få møta «gjerningsmennene» - og sjå at dette berre var to unge gutar, som i møtet sterkt beklaga og angra på det dei hadde gjort. Det var òg godt for Ole å bli fortalt at det var heilt tilfeldig at dei hadde tent på same stad to gonger. At foreldra til gutane tok hendingane svært alvorleg, bidrog òg til at møtet fekk eit godt resultat.