Netthets:

Foreldre er dårlege førebilete i idretten

Høgt engasjement og eit ønske om å vera best, gjer at faren for konflikt i idretten er stor. – Idretten opplever eit tilfang av netthets-saker som ikkje er idretten verdig, seier dagleg leiar i Trøndelag fotballkrins, Jan-Roar Saltvik.

ØNSKJER SEG FLEIRE SAKER: Morten Daleng (t.v) og Kari Vik i konfliktrådet Nordland meiner mange fleire i idretten burde nytta seg av konfliktrådet.

 – Fleire burde ta saka til konfliktrådet, seier Kari Vik i Konfliktrådet Nordland. Ei hending frå idrettsmiljøet gjorde at ho mekla mellom 17 ungdommar og støttepersonane deira, og ho meiner potensialet innanfor idretten er stort.

– Når me høyrer om ungdommar som ikkje tør å møta på turneringar fordi dei opplever å bli spytta i ansiktet, det høyrer ikkje heime nokon stad, seier Vik som også har døme på at unge utøvarar har meldt overgang til andre idrettsklubbar fordi dei blir hetsa anten fordi dei ikkje er gode nok, eller fordi dei er «for» gode. Ho oppmodar alle ungdomsleiarar til å ta kontakt med konfliktrådet i slike hendingar.

Netthets aukar i idretten

Trøndelag fotballkrins jobbar dagleg med saker som handlar om netthets, og Jan-Roar Saltvik omtaler netthets som eit problem som aukar i omfang og i bruk av ressursar. Hetsen går på legning, kjønn og hudfarge, og det er mobbing og trakassering i sosiale medium som ikkje høyrer heime i idretten, seier han, og utdjupar:

– Dei siste to–tre åra har dette vore eit aukande problem. Me har lettare for å ty til ord og handlingar som ikkje er like lett å gjera i fysiske møte. Det er ein annan terskel for kva me kan seia når me bruker sosiale medium, meiner han.

 

Foreldrene må på banen

Jan-Roar Saltvik, daglig leder i Trøndelag fotballkrets, mener idretten opplever et tilfang av netthets som ikke er idretten verdig. Han ber foreldre komme mer på banen som gode forbilder.
ETTERLYSER GODE FORBILDER BLANT FORELDRE: Jan-Roar Saltvik, daglig leder i Trøndelag fotballkrets, mener idretten opplever et tilfang av netthets som ikke er idretten verdig. Han ber foreldre komme mer på banen som gode forbilder.

Saltvik etterlyser meir involvering frå foreldra, og meiner den aukande netthetsen kan vera eit uttrykk for at foreldra ikkje er så tett på barna sine som me skulle håpa eller tru, seier han.

Dei vaksne er rollemodellar for korleis barna skal oppføra seg mot andre, og det er ikkje alt dei vaksne skriv på nett, som imponerer Saltvik.

– Barn og unge lesar det vaksne skriv, og det kan vera rimeleg lågt nivå på det som blir publisert av vaksne i sosiale medium og i kommentarfelt. Dermed blir òg senka terskelen på kva som er lov å seia og skriva blant barn.

Saltvik etterlyser sunn fornuft, og meiner mykje handlar om kunnskap, og det å ha dei rette haldningane. Det blir gjort mykje haldningsskapande arbeid frå fotballforbundet si side, både på lokalt og nasjonalt nivå.

 

Konflikter i idretten er utbredt

Han ber foreldre og føresette verkeleg tenkja over kva som blir snakka om rundt middagsbordet.

– Det som blir sagt har ein smitteeffekt nedover i alder, og ungane tek det med seg inn i treningane sine, og på skulen. Og jo eldre dei blir, desto større tilgang får dei på snapchat, facebook og andre sosiale medium. Det er lett å slengja ut ein kommentar på nett, men han blir hengande der – og spesielt vanskeleg er det viss han er skriven anonymt, fortel Daleng.

Møte i konfliktrådet endar ofte med avtale

Konfliktrådet Nordland opplever hetsing i idretten som omfattande, og ønskjer at fleire frå idretten skal nytta seg av dei moglegheitene konfliktråda tilbyr.

– Eg oppmodar alle ungdomsleiarar til å ta kontakt med konfliktrådet for å få løfta dette ut av idretten, seier Kari Vik. Me arrangerer tilrettelagde møte mellom dei ulike partane, der begge får moglegheit til å snakka ut om korleis saka opplevast frå deira side. Ofte endar slike møte i ein avtale som begge partar kan stå inne for. Formålet med gjenopprettende møte er jo at alle skal få det betre, og at ein kan leva godt saman sjølv om ein ser ulikt på ting, seier ho.