Oddny er ein av fleire konfliktrådsmeklarar i Noreg, som besøker innsette i fengsla jamleg for å tilby gjenopprettande prosessar. Innsette og domfelte skal i løpet av straffegjennomføringa få informasjon om- og tilbod om gjenopprettande prosess, slik det er beskrive i straffegjennomføringsloven § 2.
– Det er eit viktig arbeid som blir gjorde i fengsla i distriktet vårt, fortel rådgivar i konfliktrådet Sør-Vest, Kirsten Kallhovd.
Det er Stavanger Fengsel, Åna Fengsel og Saneid Fengsel som får besøk av meklarar og tilsette frå dette konfliktrådet.
Kallhovd seier at konfliktrådet sitt arbeid i fengsla kan hjelpe i arbeidet med blant anna førebygging og halde ved lag relasjonar mellom menneske i sårbare situasjonar.
– Eg tenker at vår nærvær og rolle kan fremje den innsattes moglegheit for rehabilitering.
Konfliktrådet Sør-Vest har hatt 14 førespurnader formidla via Kriminalomsorgen i 2021.
– Vi prioriterer førespurnader frå innsette, leggar vinn på nærvær på servicetorg i fengsla og set av tid til jamlege informasjonsmøte for avdelingane inne i fengsla, seier rådgivar Kallhovd, og fortel òg at det er fire meklarar i Sør-Vest som meklar saker i fengsla og møter dei innsette når dei vender seg til konfliktrådet.
Å vere meklar i fengselet
Det er 20 år sidan Oddny Wiig høyrde om konfliktrådet og om meklerrollen. Ho var allereie kjent med Familieråd som blir brukt av barnevernet gjennom Bufetat.
– Om det dukkar opp noko spennande som gjer meg nysgjerrig, så må eg sjå nærare på det, seier Oddny, som har hatt ulike yrke i sitt 70 årige liv. Oddny ha teke vidareutdanningar i vaksen alder som er relatert til liv og helse, blant anna vidareutdanning i konflikthandtering og ulike meklingsmetodar.
Oddny besøker fengselet på Åna ein gong i månaden. Det kan vere ein til seks personar som ønsker ei samtale.
– Å bli møtt ansikt til ansikt har eg trua på, fordi språket er så mykje meir enn orda me seier, seier Oddny.
– Som visitor i fengsla i Røde Kors lærte eg kor viktig det er å lytta, verkeleg lytta, våga stille som kan oppstå og våga høyra det den andre har å sei. Denne erfaringa har Oddny teke med seg som meklar i fengselet, i tillegg til å kunne stille spørsmål og vere nysgjerrig for å kunne forstå meininga i det den andre leggar i det som blir sagt.
Nå ser eg eit menneske, før var du eit monsterPart i konfliktrådet etter å ha møtt sin voldsmann
Eit magisk møte
Når meklaren kjem til fengsel har dei innsett ulike førespurnader. Nokon vil melde inn ei sak. Nokon er nysgjerrige på kva konfliktrådet er og kva vi kan tilby. Eller innsette vil møte nokon der ute for å snakke saman før den innsette slepp ut.
– Ei tid tilbake var det ei slik sak. Ein innsett ville møte ein der ute. Samtalen førte fram til at den der ute ville koma i fengselet og besøke den innsette. Dei delte korleis hendinga hadde påverka dei og at dei var usikre på korleis det skulle bli etter soning. Det blei ein magisk augeblink i rommet. Slike augeblink er lønna mi og gjæv meg trua på at alt er mogleg, uansett grunnen, seier Oddny Wiig.
Meklar Oddny Wiig opplever meklerrollen meir givande enn utfordrande. Ho siger at ho ser moglegheita til å lære meir om seg sjølv og kven ho er i møte med andre menneske.
– Møte partane der dei er og la deg forstå at eg har respekt for og trua på at det er dei sjølv som har svara på spørsmåla dei sit inne med, fortel Oddny, som kan det med å skape tryggleik for partane.
Oddny fortel om eit anna møte i fengselet som òg har sett sine spor.
– For nokre år sidan var det ei fengselssak som omhandla grovt vald. Då partane møttest, etter mange formøte, og fekk fortelja kvarandre kva hendinga hadde gjort med dei, så sa den fornærma: «Nå ser eg eit menneske, før var du eit monster». Både desse orda og stemninga i rommet blei ei stor oppleving for meg.
Konfliktrådet Sør-Vest fortel, at det er nettopp i Åna fengsel dei brukar meklar mest i møtet med innsette. Meklar er fast innom ein gong i månaden for å ha samtale med innsette individuelt. Meklar får beskjed på førehand om det er innsett som har behov for ei samtale. I desse samtalane får den innsette generell informasjon om kva konfliktrådet er, og kva konfliktrådet kan hjelpe med. Meklar har teieplikt og den innsette kan fortelje fritt.
Informasjonsmateriell
For at domfelte skal få god informasjon, er det utarbeidde informasjonsmateriell - det finner du her. I samarbeid med tilsette i kriminalomsorga har konfliktrådet laga ein informasjonsfilm, brosjyre og plakat. Brosjyren og plakaten er omsett til fleire språk. I filmen fortel tilsette i kriminalomsorga om erfaringane sine med gjenopprettande prosess.
Filmen og brosjyren vil vere nyttig for domfelte, tilsette i kriminalomsorga og for instansar som samarbeider med konfliktrådet og kriminalomsorga før-, under- eller etter straffegjennomføring.