16-årig jente i konfliktrådet: Han delte bileta, verda mi rasa saman

Eit bilete av ein person i ein privat situasjon kan delast mange tusen gonger vidare utan at avsendar av biletet har moglegheit til å gjera noko. Konfliktrådet legg til rette for møte mellom partar i slike saker.

Fleire fornærma som har fått nakenbileta sine delt vidare frå andre fortel om ein kvardag som er prega av angst, mobbing, høgt fråvær på skulen og ei kjensle av å stå åleine.

Ei jente som no er 19 år fortalde i konfliktrådet at ho som 16-åring sende nakenbilete av seg sjølv til den dåverande kjærasten sin. – Det var jo ei forventning om å senda nakenbilete fordi «alle andre» gjorde det og eg gjorde det fordi eg stolte på han eg var saman med. Då fekk eg liksom ei stadfesting på at eg var digg, men det burde eg ikkje gjort. For då det vart slutt og han delte dei bileta vidare så rasa heile verda saman. Heldigvis går det betre med meg i dag.

Tall vedr nakenbilder 2

Ikkje fordømmelse

Vi veit at den fornærma kan vera unge menneske i sårbare situasjonar som står på terskelen til vaksenlivet. Då er det viktig at vedkommande blir møtt med forståing og ikkje fordømmelse.  I meklingsmøtet kan slike saker by på sterke kjensler. Nokon bryt saman i gråt og seier at det var berre den som fekk biletet som skulle sjå det, ikkje alle andre, og at livet ikkje lenger er verd å leva. Då har dei behov for å snakka, reflektera, tenkja og oppleva at dei blir tekne på alvor. Fleire fornærma slit med skuldkjensle, medan andre er sint på gjerningspersonen. Og fordi nokon har valt å dela dei private og intime bileta deira vidare så føler dei seg demotivert for å fullføra utdanning, orkar ikkje å jobba, er redd for å gå ut og føler at livet er sett på vent.

– Eg har ikkje tort å seia det til foreldra mine endå. Og venner snur ryggen til meg, baksnakkar meg og eg blir kalla for hora. Eg skjønner ikkje kvifor vennene mine ikkje støttar meg. Eg har jo ikkje gjort noko gale, seier ei fortvila jente på 17 år. Ho sende nakenbilete av seg sjølv til ein kjærast som sende dei vidare til vennene sine.

 

Kva gjer du viss du får eit nakenbilete?

Viss du får eit nakenbilete eller ein nakenfilm frå nokon som sender det direkte til deg,er det lovleg dersom personen er over 18 år. Viss personen er under 18 år er biletet/filmen å rekna som "framstilling som seksualiserer barn" og å ha noko som helst å gjere med dette blir ramma av straffelova § 311. Det finst rett nok nokre unntak dersom personen på biletet/filmen er mellom 16 og 18 år - og det finst samtykke og likskap i alder og utvikling, men det er aldri lov når personen er under 16 år.

Kva skjer vidare i denne typen saker? Ei løysing kan vera at politiet oversender saka til konfliktrådsbehandling viss partane samtykkjer til å møtast. Ein fornærma part kan ha behov for å ansvarleggjera personen og snakka ansikt til ansikt og kanskje få ei unnskyldning. Det som var kult å gjera då biletet eller filmen vart delt, kan vera utruleg skamfullt, flytte og pinleg i ettertid, men det handlar om å møtast for å ta ansvar for sine eigne handlingar. I Konfliktrådet er det gratis og frivillig å møta og det handlar om å komma fram til løysingar som alle partar kan leva med. Meklarane har forsamtale med kvar av partane slik at møtet skal opplevast trygt og føreseieleg for alle partar og andre ramma.

Ramma partar på begge sider

Det kan vera flautt å snakka med foreldra sine om det ein har gjort og fleire unge kan føla at skamma er for stor. På møta i konfliktrådet skal den fornærma blir teke på alvor og det skal leggjast til rette for at gjerningspersonen skal ta ansvar for handlingane sine.  Det blir gjort eit godt forarbeid med forsamtalar før begge partane møtest. Meklarar eller tilretteleggere leiar møta i konfliktrådet. Partane kan ha med seg støttepersonar eller andre ramma partar som søsken, venner, foreldre, besteforeldre eller annan familie.

Det kan vera nyttig for gjerningspersonen å høyra kva konsekvensar handlinga har hatt, både for fornærma og ramma. I møta i konfliktrådet handlar det ikkje berre om handlinga i seg sjølv, men også kjenslene og synspunkta til partane som er ramma.