Å retta opp igjen eller bryta kontakten med familien

Konfliktar internt i ein familie er ekstra vanskeleg, og det hender at konfliktane blir så betente at nokon vel å bryta kontakten med dei som skulle stått dei aller nærast.

Ethel Fjellbakk Wright, leder av Konfliktrådet i Østfold og Follo

I 2018 hadde konfliktråda i Noreg nærare fire hundre familiekonfliktar.

Utilgivelege hendingar

-Eg har mekla i saker der foreldra i utgangspunktet har kutta kontakten med barna sine – eller omvendt. I dei sakene der søsken har vendt seg for å ha eit «siste» oppgjer med broren eller søstera si, ligg det mange historier og skuffelsar bak, seier konfliktrådsleiaren. Det kan vera søsken som har følt seg urettferdig behandla i oppveksten, som har opplevd krenkingar som for dei er utilgiveleg – eller at relasjonen «kostar for mykje» i forhold til den psykiske belastninga det er å halda fram kontakten. Andre saker kan ha motsett «forteikn» - nemleg eit ønske om å retta opp igjen forholdet med den personen som ein gong var viktig i livet.

-Gjenopprettende prosess der dei som har ein konflikt møtest ansikt til ansikt, handlar ofte om forsoning og at partane skal kunna omgåast kvarandre igjen, kanskje bli venner. Slik er det ikkje alltid i desse i vanskelege sakene. Tvert imot. Nokon treng eit siste møte for å avslutta relasjonen til den andre. Det avgjerda er tøff – av mange grunnar – mellom anna fordi me lever i eit samfunn der det blir forventa at me ikkje skal ha konfliktar med nær familie, seier Ethel Fjellbakk Wright.

Aldri for seint å snakka saman

Familiekonflikter i konfliktrådet dekkjer mange saksområde. Usemjer i samband med arveoppgjer, kjenner alle til. Nokon kontaktar advokatar og bruker rettsapparatet. Andre prøver å løyser striden i konfliktrådet. Ein avtale kor begge har hatt innverknad, gir større moglegheiter for at familieforholdet kan halda fram – enn at dommaren i rettssalen «kårar ein vinnar og ein tapar.» Konfliktrådet er gratis og partane kan avbryta møtet utan at det får nokre rettslege følgjer.

Det kan òg handla om økonomi, når par vel å gå frå kvarandre. Nokon kan ha behov for ein upartisk tredjeperson - ein meklar, for å bli samd om fordelinga. For dei som har barn, kan det vera aktuelt å bruka konfliktrådet for å bli samd om praktiske ordningar – eller at den tvungne meklinga hos familiekontor er gjennomførte. Kven skal henta bara, kva skal dei ha med seg, kven av foreldra som skal betala for kva – og andre diskusjonar. Fleire par seier at det er lettare å få til gode løysingar, når ein upartisk konfliktrådsmeklar legg til rette for møtet mellom dei.

Fleire steder å søkja hjelp

Det er mange som tilbyr bistand i familierelaterte problem – som familievernkontor og familiesenteret. I konfliktrådet blir dialogen brukt - slik at partane i større grad får innsikt i handlingane kvarandres, synspunkt og kjensler. I konfliktrådsmøtet har du sjølv innverknad på kva som skal stå i ein eventuell avtale. Konfliktrådets tilretteleggere/meklarar er ikkje terapeutar eller dommarar, men lekmeklere som leiar meklingsmøtet for å sjå om partane kan finna fram til løysingar dei begge kan godta. Tenesta er gratis, og blir tilboden over heile landet.