Arbeidskonfliktar kan òg meklast i konfliktrådet

- Ho sjefar heile tida over meg, endå eg har jobba her mykje lengre. - Oppseiinga er feilaktig, det er dei som har mobba meg ut frå arbeidsplassen min.

Torhild Jensen har meklet i mange arbeidskonflikter.

-Eg får ikkje lønt og feriepengane mine som me avtalte. Dette er utsegner frå menneske som har hatt eit ønske om å løysa konflikten på arbeidsplassen i konfliktrådet.

-Dei fleste arbeidslivskonfliktar som kjem til oss gjeld det psykososiale miljøet, fortel leiar i konfliktrådet i Telemark Torhild Irene Jensen. -Gjenopprettende prosessar som konfliktrådet gjennomfører, er eit kjempeverktøy for å løysa arbeidslivskonfliktar.

Arbeidsmiljølova

Men konfliktrådsleiar Jensen er tydeleg på at konfliktrådet i møta sine ikkje må gå utover lovene i arbeidsmiljølova og andre reglar og føresegner som gjeld i arbeidslivet.

-Meklarane i konfliktrådet må vera klar over dette slik at partane ikkje avtaler noko som går på tvers av føresegner i arbeidsmiljølova, seier ho, og fortel at konfliktrådet i Telemark har inngått eit samarbeid med Arbeidslivssenteret i Telemark.

Fleire arbeidsrelaterte konfliktar i konfliktrådet

I løpet av 2017 har konfliktråda i Noreg tilrettelagt for møte som handlar om truslar på arbeidsplassen, mobbing og trakassering mellom kollegaer, samarbeidsproblem mellom tilsette og feilaktige utbetalingar av lønn, feriepengar og bonusar.

Det er både arbeidsgivarar og arbeidstakarar som kontaktar konfliktrådet. Då får dei beskjed om at det er frivillig å møta i konfliktrådet, det føreset samtykke frå alle partar og at konfliktrådet legg til rette for møte der dei sjølv gjennom dialog, kan finna fram til gode løysingar. Gjeld konflikten mellom to tilsette, vil konfliktrådet òg leggja til rette for at arbeidsgivar kan delta i møtet.

-Arbeidsgivar har eit ansvar for arbeidsmiljøet. Derfor er  leiar til stades i konfliktrådsmøta. Det er jo dei som skal følgja arbeidstakarane opp i etterkant, seier Torhild Irene Jensen

Konfliktar eit gode eller eit vonde

«Konflikter er et gode når de håndteres godt.» Det er på nettstedet  www.idebanken.org ein kan lesa dette og vidare at:

«Konfliktar er i seg sjølv verken eit gode eller eit vonde. Dei kan både ha positive og negative sider. Konfliktar avdekkjer og gjer tydeleg viktige tema. Handtert på riktig måte kan konfliktar vera ei kjelde til utvikling, læring og lettare relasjonar.»

Det var eit godt møte

Kanskje konfliktrådet kan nyttast meir  i arbeidsrelaterte konfliktar.

«Det var eit godt møte, sa ein tilsett etter eit møte i konfliktrådet.» Ho hadde i fleire år hatt samarbeidsutfordringar med ein kollega. Det var arbeidsgivar som hadde bede konfliktrådet om å leggja til rette for eit møte der dei kunne snakka ut om samarbeidsproblema sine med ein upartisk meklar til stades.

Konfliktrådet er ei gratis teneste som også arbeidstakarar og arbeidsgivarar kan nytta seg av.