17 åring er glad for ungdomsoppfølging

– Fengsel hadde øydelagt alt

- Eg ville ikkje sitja i fengsel. Fengsel hadde øydelagt alt. Då hadde eg gitt opp på alt og framleis å vera ein drittunge. Då står alt på rullebladet og det er ingen veg tilbake.

17-åring dømt for vold

Ein annan motivasjon er at eg vil vera ein god son for mora mi. Gjennom straffa så har me fått eit nærare forhold. No høyrer eg på henne og ho har vore med i oppfølgingsteamet.

Det er «Martin» på 17 år som fortel. Han vart først gitt ungdomsoppfølging i 6 månader for narkotikabruk – og så ein vilkårsdom med vilkår om ungdomsoppfølging i 12 månader til for vald. Subsidiert i straffa hans er 60 dagars vilkårslaust fengsel og 2 års prøvetid.

Usemjer, slåssing og to gutegjengar som «kriga» mot kvarandre var årsaka til at «Martin» vart dømde for vald. Då han fekk moglegheit til ungdomsoppfølging, sa han ja – men innrømmer at det vart tøffare enn han hadde tenkt. Ungdom mellom 15-18 år som har begått kriminalitet og som treng tett oppfølging over tid, kan få ungdomsoppfølging. Reaksjonane inneber tett oppfølging av kvar enkelt ungdom – der det mellom anna blir utarbeidd ein individuell plan som ungdommen må innfri. Eit oppfølgingsteam beståande av støttepersonar frå offentlege etatar og det private nettverket følgjer ungdommen.

«Martin» har eit klart svar til dei som meiner at ungdomsoppfølging er eit «soft» tiltak utan krav.

- Fleire har spurt meg om det.  Det er ikkje soft akkurat! Det er meir forståeleg. Den tiltalte skal forstå kva han har gjort og prinsippet bak ungdomsoppfølging. Det handlar om rehabilitering og å få eit anna perspektiv på ting. I ungdomsplanen står det mellom anna at eg må komma meg på jobb, ikkje gjera nokon lovbrot og levera urinprøver. Det er greitt og det går bra.

Irriterande med så mange møter

- Kva er det mest irriterande med ungdomsoppfølging?

- Det er irriterande at eg blir tilkalla i så mange møte. Og eg må søkja om eg skal på ferie og eg kan få eit nei. Dei vurderer jo ulikt frå person til person. Men viss eg ikkje begår nye lovbrot så ser dei det an. Eg kan reisa med mamma, men det jo blir vanskeleg viss eg skal reisa med kjærasten min.

- Kva har du lært av straffegjennomføringa?

- Eg har lært å vera meir sjølvstendig. Å ta nokre gode val. Det du gjer kan «bita deg skikkeleg i ræva» og påverka framtida di for alltid, seier «Martin» som på spørsmål om han er sikker på at han er ferdig med kriminalitet, forsikrar at «ein kan aldri seia aldri» - men at det absolutt ikkje er ein plan å halda fram med lovbrot. Han meiner òg å ha endra syn på kriminalitet etter straffegjennomføringa.

- Ja, eg er ikkje der det pleier å skje ting. Eg held meg unna, seier Martin og fortel at han helser på gutegjengen «sin» når han møter dei, men heng ikkje med dei lenger.

Møte med fornærma

Ein del av straffa handlar òg om å møta fornærma i eit gjenopprettende møte viss fornærma ønskjer det. I Martins sak så har ikkje eit slikt møte funne stad – i alle fall ikkje førebels. «Martin» har via ungdomskoordinatoren sin i konfliktrådet gitt beskjed til dei gutane valden gjekk utover at «det var kipt» det han gjorde.

- Eg har sett ein av dei. Eg har ikkje gått bort og snakka, kanskje han blir redd. Men eg kan gjerne snakka med dei og høyra hans del av historia og eg kan fortelja min.

- Korleis ser framtida di ut?  Kva er draumen?

- Eg har mange draumar. Ein av draumane mine er å bu på strandhus på Bali. Han smiler og ler.

- Neida, alvorleg talt, eg ser for meg at framtida mi blir fin, seier «Martin» som i dag er i jobb og seier han trivst godt og har det gøy på jobb.

210 har fått ungdomsoppfølging

Halvårstala frå Konfliktrådet i Oslo og Akershus viser at 46 ungdommar har fått ungdomsstraff eller ungdomsoppfølging mot 34 på same tid i fjor. På landsplan har 29 ungdommar fått ungdomsstraff hittil i år mot 14 på same tidspunkt i fjor og 210 har fått ungdomsoppfølging, mot 185 i juni i fjor. Tala viser ein auka bruk av straffereaksjonane som Konfliktrådet forvaltar.

Ungdommane som får ungdomsstraff og ungdomsoppfølging av politiet sonar straffa i fridom. Målet er å byggja sosiale murar rundt ungdommen i staden for fengselsmurar. Men samtidig blir det stilt strenge krav til kva ein kan gjera og kva ein får lov til. Ikkje alle klarer å gjennomføra – som «Martin».

- Eg har endra fokus i livet sitt og følgjer reglane, seier 17-åringen.