Fleire sivile saker til konfliktrådet

Treng du hjelp til å ordna opp i ein konflikt? Stadig fleire kontaktar konfliktrådet og får med seg ein upartisk meklar i dialogen med han du treng å snakka med. Det har vore ein auke på åtte prosent i sivile saker frå same tid i fjor.

Mange har møtt naboen sin, ein familiemedlem, ein arbeidskollega, ein dei møtte ute på by`n, ein klassekamerat eller andre dei har ei usemje eller konflikt med. Nærmiljøkonfliktar og økonomiske konfliktar utgjer nesten halvparten av dei sivile sakene. Eit møte i konfliktrådet kan oppklara misforståingar. Erfaring viser òg at når konflikten blir belyst frå fleire sider, kan det bli lettare å finna fram til ei løysing alle kan godta.

Sak kan meldast inn digitalt

Talet på mottekne sivile saker per 2. tertial har variert mellom 1300 – 1550 saker dei siste fem åra. I år viser talet på saker ein markert auke. Det betyr at fleire får kjennskap til konfliktrådet. Ei målretta marknadsføring, digitale løysingar for brukarar, satsing på sosiale medium og synlighet i media, er truleg årsakene til at kunnskapen i samfunnet om konfliktråd, mekling og alternative straffereaksjonar aukar.  At det hausten 2017 vart mogleg å melda inn sivile saker digitalt – via nettsida vår - har i tillegg gjord terskelen for å melda inn saker lågare.

Konfliktrådet har ca. 7500 saker i året – fordelt på straffesaker frå politiet og sivile saker.  I den sistnemnde kategorien er det òg saker frå politiet der lovbrytaren er under strafferettsleg alder (15 år), medan hovudtyngda er saker som partane sjølv bringar inn for konfliktrådet. I mekling blir dialogen brukt - slik at partane i større grad får innsikt i handlingane kvarandres, synspunkt og kjensler.

Mange fordeler

Kva er så fordelen ved å bruka konfliktrådet i sivile saker? Kort behandlingstid, gratis, konfliktar kan bli løyst på lågast mogleg nivå, du får prata ut med ho du er i konflikt med – og via aktiv deltaking og medråderett i løysinga så er du sjølv med på å påverka resultatet og eventuelt inngå avtale.

300 fleire brukarar har fått tilbod om å delta i brukarundersøkinga til konfliktrådet i inneverande år enn i same periode i fjor, men svarprosenten er noko lågare. 86 % av partane i undersøkinga svarer at konfliktråd var eit godt val i deira situasjon, og 85 % er i ettertid fornøgd med avtalen dei inngjekk