Konfliktrådet er der du er

Menneske som får tilbod om eit møte i konfliktrådet, treng ikkje reisa langt. Konfliktrådet held møta sine der partar bur.

Gunhild Kristiansen på Innbyggertorget på Nodeland, i nye Kristiansand kommune, ønsker konfliktrådet velkommen til å bruke lokaler til meklingsmøter.

Det er gjort avtalar med kommunehus, bibliotek, møterom på Frivillighetssentraler, sjukeheim og på NAV om å låna lokale. På kjøpesenter låner konfliktrådet fleire stader eit møtelokale for å mekla i naskerisaker. Dette blir gjort i samråd med senterleiinga.

Konfliktrådet skal arrangera møte mellom partar i konfliktar som oppstår fordi ein eller fleire personar har påført andre ein skadde, eit tap eller ei anna krenking. Konfliktråda i Noreg fekk nær 7400 saker i 2019. Valds- og trusselsaker utgjer ein tredel av den totale saksmengda.

I konfliktrådslova står det at meklinga kan føregå på kvar og ein stad som finst formålstenleg, men normalt ikkje på nokon av partanes bopel eller eigedom.
Konfliktrådet gjer stadig nye avtalar om meklingslokale. I Agder vart 30 kommunar til 25 etter kommunesamanslåinga 1.januar 2020. Konfliktrådet Agder nyttar 27 lokale i dei 25 kommunane.

Les òg: Kva skjer før, under og etter eit meklingsmøte?