Konfliktrådet svarer på ung.no

Konfliktrådet er ein del av svartenesta til ung.no – ein populær kanal for å ungdom mellom 13–20 år vende seg til. Det er mykje frustrasjon, redsel og sårbarheit i spørsmåla konfliktrådet tek imot, men òg mykje vilje til å ta ansvar. Svarpanelet forsøker å gi eit så raskt, konkret og godt svar som mogleg.

Teamsbilde som viser ung.no-redaksjonen
SVARER UNGDOM: Irén Nilsen (t.v.), Ingrid Bårdstu (øvst t.h.) og Sara Kastbjerg (nede t.h.) synest det er spennande å svare og rettleie ungdom gjennom spørjetenesten på ung.no. Nora Medbø var ikkje til stades då bildet blei teke.

Det er ikkje alltid så lett å svare, seier Sara Kastbjerg. Ofte tek eg ein runde på kontoret for å høgre om nokon har nokre innspel.

Sara er ein av ung.no-gruppa til konfliktrådet, og jobbar som ungdomskoordinator i Agder. Irén Nilsen, seniorrådgivar i Konfliktrådet Nordland, koordinerer arbeidet, og med seg har ho eit team av fire engasjerte medarbeidarar i konfliktrådet. Dei har fordelt faste dagar seg i mellom for når dei skal svare, men engasjementet er faktisk så høgt i gruppa at det har hendt at ein har svart ut kvarandre sine spørsmål – som eit resultat av rein iver etter å svare ungdommen.

Ja, det har skjedd, det er jo gøy å svare, og ein får eit tydeleg innblikk i kva ungdommen er oppteken av.

Eg blei teke for nasking på eit storsenter med ei venninne. Vi blei teke av vektarar og politi blei blanda inn. Eg lurer på om kva som skjer dersom vi kontaktar konfliktrådet?Jente, 16 år

Forutan Irén og Sara, svarer og Nora Medbø i Innlandet og Ingrid Bårdstu i Trøndelag på stort og smått ungdommen lurer på. Dei tek imot i gjennomsnitt 20 spørsmål i månaden.

Kva er det ungdommen spør om? 

Det er ei god blanding, men alt frå konfliktløysing i heimen, krangling i vennegjengen – eksempelvis i forbindelse med russefeiring, til problem med den ein leiger hybel av, fortel Ingrid. Og så er det ein del spørsmål om naskeri, dei lurer på kva som skjer når dei er teke.

Mange er blitt kalla inn til avhøyr og er redde for kva som skal skje der. Dei ønsker å ta ansvar for det dei har gjort, men det ligg òg ofte ein reel frykt for kva som kan skje.

Eg har nyleg vore til avhøyr hos politiet. Dei spurde om eg er villig til å møte i konfliktrådet etter konflikt med ein nabo. Det eg lurer på er kva er som skjer vidare viss saka hamnar der?Gut, 20 år

Samarbeid med politiet 

Og nettopp slike spørsmål, er i grenseland for kva konfliktrådet kan svare på – det krev eit samarbeid med andre verksemder som òg svarer på ung.no:

Det er viktig for ungdommen å få eit konkret svar på spørsmålet sitt, sånn at dei kan bli ferdig med det. Men det er heilt klart utfordrande når dei spør direkte som f. eks: «Er det lov?» . Ein del av spørsmåla konfliktrådet tek imot, sendast tilbake til ung.no-redaksjonen, som er dei som fordeler spørsmåla, seier Sara.

Vi veit kva som er ansvarsområdet vårt og ikkje, og har alltid moglegheit til å sende spørsmålet tilbake til redaksjonen og f. eks be dei sende det til politiet. Vi legg då ofte til eit notat til politiet med informasjon om kva konfliktrådet kan bidra med som dei kan inkludere i svaret sitt.

Oppfordrar dei til å snakke saman 

Ofte råder dei ungdommen til å ta kontakt med konfliktrådet for ein uformelt prat, og fortel om kva konfliktrådet kan hjelpe til med.

I svara våre handla det ofte om kommunikasjon, dialog og forklare kva eit tilrettelagt møte kan vere: å snakke om det som har skjedd, og at ein kan ha med nokon viss det verkar skummelt, fortel Irén. Og vi legg alltid ved informasjon om kor dei kan kontakte konfliktråda.

– Og ikkje minst gi dei ros for at dei tek ansvar og ber om råd. Vi ønsker å trygge dei i svara våre, og svare i eit språk ungdommen forstår.

Ung.no er staten sin informasjonskanal for ungdom og har ein spørjeteneste der ungdom kan spørje om det dei lurer på. Nettstaden er drive av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Målgruppa er ungdom 13–20 år, og konfliktrådet er ein av mange offentlege verksemder som svarer.