Løysinga kan finnast i konfliktrådet

Viss du hamnar i ein konflikt, kva er viktigast då? Å vinna - eller komma fram til ei løysing begge kan godta? Ved ei usemje er det ikkje berre sjølve konflikten som skal løysast – òg forholdet mellom dei som er usamde må reparerast.

Gjenopprettande prosess

Konfliktrådet jobbar etter prinsippet om Restorative Justice (RJ) som er «gjenopprettende prosess» på norsk. Hensikta er å retta opp igjen mest mogleg av den skaden som er oppstått. Det kan skje ved at partane møter kvarandre og blir samde. Konfliktrådet har to bein å stå på – den eine er lovbrot som kjem frå politiet – og då er det saker som omhandlar vald, truslar, innbrot, skadeverk, mobbing og tjuveri.  Gjerningspersonen møter offeret, snakkar om det som har skjedd, korleis situasjonen er i dag – og tiltak for å kunna reparera skaden. Det kan vera alt frå økonomiske avtalar, til arbeidsavtalar og forsoningsavtalar.

I sivile saker kan kven som helst kontakta konfliktrådet som igjen tek kontakt med den andre parten og spør om han/ho kan tenkja seg å møta. Sivile saker kan vera usemje i forhold til naboar, familie, arbeidsplassen eller andre. Sakene kan dreia seg om vegar, snømoking, støy, lukt, rykte, tre, sjikanerande åtferd, øydeleggingar og mykje meir.

Ingen vinnarar eller taparar

Konfliktråda har 7000 - 8000 saker i året. Brukarundersøkingar viser at dei fleste er godt fornøgd med det dei får ut av møtet – som blir leidd av ein eller to meklarar. I møtet får alle moglegheit til å fortelja om opplevingane sine, reaksjonar og kjensler rundt det som er skjedd. Det er partane sjølv – og ikkje meklaren – som kjem med forslag til kva som skal stå ein eventuell avtale. I sivile saker kan partane avtala ein angrefrist dersom dei ønskjer det – eller dei kan avtala å møtast fleire gonger. I straffesaker er det ei vekes angrefrist på avtalen.  Der «jussen» har reglar og dommarar, så er det partane i meklingsmøtet sjølv som ser på moglegheita for å bli samde. Ved at dei eventuelt blir samde om ein avtale, så blir kåra ingen vinnarar eller taparar – og det ofte blir lettare å forhalda seg til kvarandre i framtida.