Mobbing på skulevegen

Mobbing er ikkje noko ukjent og fleire slike saker hamnar i Konfliktrådet. På ein skuleveg ein liten tettstad i landet var mange gutar frå 12-15 år involvert. Det har gått så langt at eit par av gutane ikkje tør å ta skulebussen og heller ikkje tør å gå ut i frikvarteret.

Foreldra kontakta politiet etter at ein av gutane vart dytta så hardt at han datt og brekte armen på ein idrettsdag på skulen. Dette meiner dei var gjorde med overlegg, og dei var skuffa over at skulen ikkje hadde teke tak i det. Politiet kontaktar Konfliktrådet og saka blir vurdert eigna for eit stormøte. Alle partar blir innkalla til formøte der det blir gode samtalar, og foreldra ønskjer ein «opprydding» i gutegjengen.

P1060630

Konflikt mellom foreldra

Alle møter til stormøte der det er tre tilretteleggere/meklarar. Både gutane og foreldra bli stilte spørsmål etter tur, ifølgje det skripet med faste spørsmål som blir brukte i eit stormøte. Etter kvart viser det seg at foreldra har meir på hjartet enn konflikten mellom gutane. Alle ønskjer eigentleg ei løysing, men dei underliggjande problema gjer det vanskeleg. Etter kvart spør tilretteleggerne om foreldra kan godta at gutane blir med på eit anna rom og held fram saman med ein av tilretteleggerne. Alle godtek det.

«Sånn vil me ha det»

På dette møtet laga gutane ein plan på korleis dei ønskte å ha det og korleis alle skulle kunna kjenna seg trygge. Det vart skrive ein avtale som vart lest opp for foreldra.

I «voksengruppa» hadde det gått varmt for seg, der var naboskap, vennskap og andre problem diskutert med høgt engasjement. Etter kvart hadde dei likevel vorte såpass samde at dei kunne ta kvarandre i hendene. Dei var òg svært fornøgd med at gutane hadde klart å ordna opp på eigenhand. Dei skulle vera aktive for å prøva å førebyggja mobbesituasjoner framover ved å spørja gutane jamleg korleis skuledagen hadde vore og om avtalen vart følgd opp.

«Det var ein lang ettermiddag og kveld, men det var verd det», var tilretteleggernes samstemde kommentar etter stormøtet.