Nokon møtest i konfliktrådet etter svindel og bedrag på nettet

Har du vorte svindla ved kjøp via nettet? Kjøp og sal mellom privatpersonar og firma på nett kan by på ubehagelege situasjonar.

Flere gjør opp for seg via avtale i mekligsmøtet i konfliktrådet

Den andre personen var jo tillitsvekkende og hyggjeleg. Du følte at du kunne stola på vedkommande og dialogen gjekk så greitt. Men så viste det seg at du vart lurt og du kan føla deg irritert, dum og såra som eigentleg burde visst betre. Nokre av desse sakene hamnar i konfliktrådet.

Det finst mange typar svindel og bedrageri. Ein gjengangar kvart år er kjøp av konsertbillettar som viser seg å vera falske, men andre døme kan vera kjøp av mobiltelefonar i dårlegare stand enn lova, bruktbil som har fleire manglar enn seljar oppgav, misbruk og svindel i ditt namn, manglande betaling for ein send vare og mykje meir.

Du har fleire val

Så kva vil du gjera viss tillitten til andre blir broten og du blir svindla? Svaret er sjølvsagt individuelt, men nokon ønskjer at gjerningspersonen skal betala tilbake, få ein lærepenge, bli politimeldt og få ei straff. Då kan det vera ein idé å ta kontakt med Forbrukarrådet, Forliksrådet eller Politiet.

Samtidig er det nokon som ønskjer å møta gjerningspersonen ansikt til ansikt for å forklara med sine eigne ord korleis krenkinga har påverka dei, slik at vedkommande kan forstå konsekvensane av handlingane sine. Då kan det handla om forventningar til ei konsertoppleving som ikkje blir innfridd, tilleggsutgifter i form av reise og opphald og kjensle av svik og bedrageri. For dei som ønskjer denne løysinga handlar det ikkje berre om pengane eller dei materielle verdiane, men om å få svar på spørsmål som berre gjerningspersonen kan svara på. Viss du ønskjer denne løysinga kan møte i konfliktrådet vera eit godt alternativ for deg.

Pressemeldinga som vart sendt ut frå Konfliktrådet i Oslo og Akershus i går, melder om ein saksauke som «kjem hovudsakleg av at publikum har meldt inn langt fleire saker direkte til konfliktrådet. Det betyr at fleire oppdagar konfliktrådet som ein gratis, rask og nyttig instans for løysing av ulike konfliktar. Det er enkelt og trygt å melda ei sak inn via nettsidene til konfliktrådet. Folk ønskjer å ordna opp i nabokonfliktar eller familierelasjonar som har vorte vanskelege. Mange har òg meldt inn saker om økonomiske forhold».

Fornærma som har møtt gjerningspersonen i konfliktrådet kan forklara at det er vanskeleg å stola på folk, dei passar ekstra godt på verdisakene når liknande personar som gjerningspersonen tek kontakt og den grunnleggjande tilliten til andre er ikkje lenger til stades. Når gjerningspersonen får høyra dette og tek ansvar og seier unnskyld, kan noko av tryggleiken til fornærma bli retta opp igjen og grunnlaget for ei god løysing vera lagd. Gjerningspersonen har òg sagt at det har vore ein befrielse å kunna ta ansvar og sleppa å slita med dårleg samvit for det han eller ho har gjort. Og samtidig vise for andre enn seg sjølv at den personen ikkje er vond eller ute etter å skada andre.

Tru på menneske

No om sommaren er det eit stort utval av festivalar og mange har gledd seg lenge til å sjå favorittartistane sine og skapa minne for livet saman med venner. Dessverre er det ikkje alltid det ender slik. Eit døme frå ei tidlegare sak i konfliktrådet er ei ung jente som hadde kjøpt vekepass til Øyafestivalen via finn.no og betalte på førehand, men så fekk ho aldri billetten. Ho visste kven seljaren var, men ho svarte ikkje på førespurnadene. Derfor tok kjøper kontakt med konfliktrådet og ønskte å møta motparten for å sjå henne i auga og få ei forklaring på kvifor seljaren hadde svindla henne. Konfliktrådet tok kontakt med seljaren som var ei anna ung jente som var desperat etter pengar på det tidspunktet, og i ettertid angra ho seg veldig og var innstilt på å gjera opp for seg. Dei to møttest i konfliktrådet og fekk snakka saman om kva som hadde skjedd og fekk skrive ein avtale der seljaren fekk gjort opp for seg. Etter at avtalen var innfridd så fekk ho òg letta samvitet sitt og moglegheit til å gå vidare med livet sitt.

For å unngå at dette skjer med deg, så kan det vera lurt å ikkje betala på førehand og ikkje gi frå deg sensitive opplysningar som personnummeret ditt. I tillegg har Forbrukarrådet fleire gode tips på nettsidene sine og har òg ein rådgivingstelefon.

I saker som omhandlar svindel og krenkingar er det ikkje berre pengebeløpet eller materielle verdiar som partane kan ønskja å få tilbake. Ei form for oppreising kan òg vera ei unnskyldning og ansvarlegegjøring av gjerningspersonen og det er ofte mogleg i møte mellom menneske. Møta mellom menneske passar nok ikkje for alle, men konfliktrådet legg til rette for at du kan finna ei løysing som passar for deg.

Konfliktrådet rettleier fleire som er i fortvila situasjonar fordi dei har betalt på førehand for ei vare dei aldri har fått eller ikkje har fått betaling for ei vare som er sendt. Felles er at dei fleste i ettertid seier at dei stolte på den andre parten og hadde ein grunnleggjande tillit til vedkommande, og det kjennest krenkjande å bli lurt og bedrege.