Svindel på nett, konfliktrådet?

Mobiltelefonen så fin ut på nettet. Alt av ekstrautstyr som følgde med, pris og kvifor personen ville kvitta seg med denne mobilen, stod godt forklart.

Utklipp av FINN.no-logoen

Derfor slo han til, personen ein annan stad i landet, og overførte pengar. Men mobilen utevart!

Stadig fleire blir utsette for svindel på nettet. Det er likevel få som melder denne typen kriminalitet til politiet, skriv politiet på nettsidene sine.

Fann ei løysing

Men det vart gjort i denne saka. Politiet fann personen som hadde fått pengar, og sende saka til konfliktrådet. Konfliktrådet gjennomførte meklingsmøte via videokonferanseutstyret som alle konfliktrådskontor i Noreg har. Ein konfliktrådsmeklar sat nord i landet med den eine parten og ein meklar sat sørpå med parten som budde der. Og saman fann dei ei løysing som var god for begge partar.

Andre liknande saker som fekk løysinga si i konfliktrådet var 15-åringen som selde bildelar, men der kjøparen aldri fekk noko tilsendt varet sjølv om den var betalt. Her vart det eit meklingsmøte der partane inngjekk avtale. Ein annan bil som vart seld på Finn.no, viste seg å ha manglar. Her vart saka løyst med ein økonomisk avtale som begge var fornøgd med.  Småbarnsmoren som vende seg til konfliktrådet etter at ho hadde bestilt barneklede, men aldri fått nokon pakke i posten – fekk likevel ingen å møta i konfliktrådet. «Seljaren» gjorde seg etter kvart utilgjengeleg.

Nettsvindel

Nettsvindel er ein type bedrageri som blir utført ved bruk av internett, som til dømes via SMS, telefon, e-post, applikasjonar og nettsider. Metodane som blir brukte er varierte, men felles for nettsvindel er motivet om økonomisk vinning.

-Me har hatt nokre saker med svindel på nett. Det har vore mobilar og smykke som har vorte selde utan at varet har komme til den som har betalt for varet, fortel konfliktrådsleiar Grete Stabekk i konfliktrådet i Oppland.

Vanskeleg å finna personen

-Men det som oftast skjer i saker med svindel på nett, er at konfliktrådet ikkje finn den andre personen. Den som har vorte svindla kontaktar konfliktrådet, men den som svindlar har gjerne oppretta ein falsk profil, oppgitt feilaktig namn eller eit telefonnummer som ikkje er i bruk. Dermed oppnår ikkje konfliktrådet kontakt med parten, og saka må avsluttast i konfliktrådet som ikkje laust, seier Stabekk.

På nettstaden Finn.no fortel Geir Petter Gjefsen som er ansvarlege for Forbrukertrygghet i FINN, at i 2017 vart det publisert 7,5 millionar annonsar på Finn.no. I dei aller, aller fleste handlane går ting for seg akkurat som dei skal, men i nokre tilfelle, som elles i samfunnet, så er det nokon som blir utsett for ei uønskt hending.

Han har følgjande oppmoding til alle som besøkjer FINN:

- Generelt sett kan eg seia at det viktig for oss at ein føler seg trygg når ein handlar på FINN, og eg har inntrykk av at dei aller fleste føler seg trygge. Men eg vil oppmoda alle som opplever noko uønskt til å ta kontakt med oss.

Verd eit forsøk

Konfliktrådet kan òg bli kontakta om du har opplevd svindel/bedrageri på nett. Du bør òg melda slike saker til politiet. I konfliktrådet vil me prøva å finna den andre personen og leggja til rette for eit møte der dere sjølv gjennom dialog, kan finna fram til gode løysingar. Det er verd eit forsøk.