Torsdagsmøtet skal hjelpa unge kriminelle med å endra kurs

– Me måtte finna ei løysing på dårleg kommunikasjon, fragmenterte tiltak og etatar som skylde på kvarandre, fortel Hans Martin Skovly, seksjonsleiar, Funksjon for kriminalitetsførebygging i Agder politidistrikt.

Er det torsdag, så er det møte på politihuset i Kristiansand. På det tverrfaglege torsdagsmøtet blir utveksla informasjon slik at unge kriminelle blir fanga raskt opp og får hjelp til å endra kurs. Her er politi, det kriminalitetsførebyggjande teamet til barnevernet, påtalejurist, konfliktråd og ungdomstenesta representert. Det er politiet som «eigar» møta.

Seniorrådgivar Nina Therese Solberg, konfliktrådet Agder, er fast representant i torsdagsmøtet.

– Eg trur at når det sit ein representant frå konfliktrådet i torsdagsmøtet, så blir det naturleg å ha konfliktrådet som eit mogleg tiltak i aktuelle saker. Eg svarer på aktuelle spørsmål om bruk av konfliktråd og eg minner deltakarane på bruk av oss.

Torsdagsmøtet starta i 2006 og dokumenterer kor viktig alle instansar er.  Det å sitja rundt same bord, skaper kort veg til ulike tiltak og skaper forståing for kvarandre og dei ulike etatane, arbeidsområde og moglegheiter.

– Saman kan me finna kreative tiltak for å hindra at ungdommar utviklar ein kriminell livsstil, seier Skovly.

Episodar siste veke, personar, miljø og trendar som kjem opp på torsdagsmøtet, har alltid ein link til kriminalitet eller rus. Deltakarar på torsdagsmøtet ser ikkje berre på den kriminelle handlinga. Dei leitar etter andre faktorar. Kva ligg bak? Dei tenkjer at hurtigheit i reaksjonane er gull verd. Mykje kan skje i livet til ein ungdom på fjorten dagar.

Etter at ei bekymring er lufta på torsdagsmøtet, blir det alltid notert i referatet kva som skal skje og kven som har ansvaret for det. Politiets mest brukte verktøy er ein dialogbasert bekymringssamtale.

Alle ungdomsskular og vidaregåande skular i Kristiansand har faste kjernegrupper med tverrfagleg samansetning. På kjernegruppemøtet deltek alltid den ungdommen som er tema for møtet.

– Å møta i konfliktrådet, er ein rask og verknadsfull reaksjon i både straffesaker og bortlagde saker frå politiet, seier Solberg. Eg minner deltakarane stadig vekk på bruk av gjenopprettende prosesser og mekling. Så eg trur at dei andre etatane byrjar å få det under huda, seier han.