Anne Karin Steen – derfor vart eg meklar i konfliktrådet

Anne Karin Steen (55) synest det er stort å få vere med på at redsel og fortviling blir til ein stor lette og takknemeleghet når partane som møtast i konfliktrådet løysar konflikten eller situasjonen dei er i.

Bilde av Anne Karin Steen
Anne Karin Steen er meklar i Sunnfjord og Vestland og synest menneskemøta i konfliktrådet er veldig verdifulle.

– Det å få svar på eit spørsmål, eller få lov til å sei unnskyld er ganske stort å vere med på i vanskelege saker, fortel ho.

Til vanleg bur ho i Førde og er senterleiar. Ho meklar i Sunnfjord og Vestland, men det var ganske tilfeldig at Anne Karin blei meklar.

– Eg avslutta eit arbeidsliv som rekneskapsførar og det vart ei mulighet til å prøve noko heilt nytt. Eg likar å jobbe med menneske og veit at det er alltid lurt å snakke med nokon. Dette vart ei mulighet til å vidareutvikle interessa mi for mellommenneskelege relasjonar.

Møtet i konfliktrådet som blir leia av ein eller to upartiske meklarar, gir deg ei mulighet til å snakke med den andre.

– Eg ser på meg sjølv som ein tilretteleggar for at to eller fleire partar skal få mulighet til å møtast og få lov til å løyse ei konflikt eller ein situasjon. Eg kan hjelpe dei ved å stille dei retta spørsmåla og la dei få tid til å både bli høyrt og få lov til å høgre den andre parten sin oppleving. Løysinga har dei ofte sjølv.

– Kva er mest utfordrande ved å vere meklar?

Det å akseptere at det ikkje er alt som kan løysast, og at eg ikkje kan løyse det for dei. Det å sjå partane forlate rommet og vete at dei er ikkje ferdige med det som plagar dei.

Sjølv om ikkje alle meklingar endar i ein avtale, er det ein stor andel som blir løyst, og situasjonen på veg inn i møtet, er ofte ein heilt annan enn når meklinga er ferdig.

– Å oppleve at spenning, redsel, sinne, sorg og fortviling hos partane blir til ein stor lette og takknemeleghet over å få møte parten og løyse ein situasjon/konflikt. Det å få svar på eit spørsmål, eller få lov til å sei unnskyld er ganske stort å vere med på i vanskelege saker.

Anne Karin hugsar spesielt ei historie godt, der partane møtst, sjølv om det var vanskeleg:

Sjølv om det er frivillig å møte og ein har akseptert det, kan ein likevel tenke at det siste ein vil, er å møte ein person. Det var òg tilfelle i ei sak eg hugsar godt. Den eine parten innrømde at han hadde oppført seg dårleg, og skulle betale for seg, men det var heilt uaktuelt å sitte i same rom. Det gjorde det endå meir interessant for meg å få til eit fysisk møte, så det greidde vi. Det var eit veldig godt møte og den takknemelegheten han viste var stor. Han takka konfliktrådet og alle involverte for at han fekk lov å møte, og takka òg den motparten som var påført skaden. Han opplevde det som vi hadde alle gitt han ei moglegheit til å starte på nytt. Dette fortel meg at det verste ein ofte kan tenke seg er å møte motparten, og derfor er det dei fysiske møta i konfliktrådet som er så viktige..