Delte kyssebilde på sosiale medium

Bilete og video som blir publisert på nettet utan løyve, kan vera vondt og leitt for dei som blir ramma. Nokre av sakene endar i konfliktrådet.

To gutter som ser på en mobil.
Ein gut som filma ei jente som kyssa med ein annan, for så å spreia det på sosiale medium, møtte ei fortvila jente i meklingsmøtet.Foto: Max Emanuelson

Ein gut som filma ei jente som kyssa med ein annan, for så å spreia det på sosiale medium, møtte ei fortvila jente i meklingsmøtet. Ho var lei seg og flau over at så mange hadde sett videoen.

Hendinga gjekk veldig inn på jenta, og i etterkant sleit ho med sosial angst. Løysinga til jenta på saka vart å melda ho til politiet. Politiet sende dermed saka til konfliktrådet. Meklaren i denne saka brukte lang tid i forsamtalane på å forklara kva som skulle skje i møtet og på å tryggja dei to ungdommane.

Etter ei tid, var jenta klar til møtet. Guten grudde seg veldig til å møta henne. Han hadde skjønt at det han hadde gjort var heilt feil. Han hadde med seg mor som støtteperson.

Begge to var prega under møtet, men etter kvart snakka dei godt saman og fekk sett ord på korleis hendinga hadde påverka jenta. Når han no fekk høyra jentas historie og opplevinga hennar, og dessutan kjenslene ho sett på i ettertid, gjekk dette inn på han. Han bad om unnskyldning, og ville ifølgje meklar gjera kva som helst for at jenta skulle få det betre.

Møtet enda opp med at jenta var glad for å ha delteke i møtet. Meklar beskriv ei jente som reiste seg meir og meir. På slutten av møtet hadde ho sagt følgjande til guten som hadde delt videoen av henne: «Eg var veldig sint før møtet, men no ser eg at dette har vore vanskeleg for deg òg».

Trenger du hjelp i en konflikt?

Finn ditt Konfliktråd eller meld inn saken din til konfliktrådet her.