Mobbing og truslar på nett

To jenter hadde sendt ei rekke krenkande meldingar til kvarandre, mellom anna «Du kan gå og henga deg», «Ingen likar deg», «Viss du hadde døydd hadde ingen brydd seg».

Jente ser på mobilen. Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.Foto: Max Emanuelson

Skulen jentene går på hadde delt seg i to grupper med «tilhengarar» til kvar av jentene. Straffesaka enda opp hos konfliktrådet.

Meklarane oppdaga i formøtene at mødrene kunne vera ein distraksjon i meklinga, og valde i meklingsmøtet å plassera dei bak jentene slik at fokuset vart på jentene. Det vart skrive ein mellombels avtale, og avtalt oppfølgingsmøte etter ei stund. I den mellombelse avtalen bad ho som var påklaga om unnskyldning, og dette vart akseptert av klagar. Vidare skulle jentene sjølv ta ansvar og seia til vennene sine at dei hadde lagt konflikten bak seg, og ordna opp seg imellom.

Rektor ved skulen gav seinare tilbakemelding til politiet at meklinga hadde fungert veldig bra, og at det hadde skjedd ei positiv endring i åtferda til alle elevane på trinnet. Politiet, som kjenner godt til miljøet, har òg gitt tilbakemelding om at det er eit heilt anna og positivt miljø på skulen etter den vellykka meklinga. Påtalemakta og politiet var òg fornøgd med at meklarane og jentene ville ha eit oppfølgingsmøte for å sikra kvaliteten og ivareta partane.