Der «blikking» blir til vald – er saker for konfliktrådet

«Blikking» er når ein person ser på deg og det blir oppfatta provoserande. Konfliktråda har hatt fleire slike saker der denne skjulte forma for mobbing, har ført til truslar og valdsepisodar. Gjennom media vart det i dag kjent at Hersleb skule i Oslo har hatt fleire slåstkampar mellom jenter den siste tida, og no ber rektor om bistand frå mobbeombodet og Konfliktrådet i Oslo og Akershus (OAK) i håp om å retta opp igjen eit godt elevmiljø.

Ellen Ystgaard Tjemsland informerte på NRK Dagsrevyen om kva konfliktrådet kan gjera i mobbesaker.

- Det skjer ofte at slike saker blir løyste i konfliktrådet, seier leiar i Konfliktrådet i Oslo og Akershus, Ellen Ystgaard Tjemsland. Ho forklarer at før sjølve møtet der dei involverte ungdommane møtest ansikt til ansikt, ligg det eit grundig forarbeid med forsamtalar. Nokre gonger kan det avklara misforståingar.

-Så erfarer me at konfliktar har eskalert fordi ein tredje person blandar seg inn og gir historia og valdshendinga eit eige liv. For å unngå ein type eskalering bringar me partane saman og dei som er ramma, får fortalt historia si, sa konfliktrådsleiaren i eit intervju med NRK måndag.

Sidan skulestart har det vore fire masseslagsmål mellom jenter på Hersleb vidaregåande skule i Oslo, og skulen seier dei aldri har opplevd liknande. Ungdommar har forklart at slåstkampane har oppstått fordi ei jente frå ei gruppe har "blikket" ei jente frå ei anna gruppe. Fleire videoar frå tumultane sirkulerer på snapchat. På ein av videoen ligg ei jente på golvet, medan fleire står over og slår. Skulen har prøvd å mekla, men det har ikkje gitt resultat. Både mobbeombodet og rektor håpar partane vil møta til mekling i konfliktrådet.

Førebyggja frykt

Frykt for å møta på skulen etter slike hendingar, er ikkje uvanleg. I tidlegare saker i konfliktrådet har ungdommar fortalt at dei har vore redde for det som kan møta dei på skulevegen eller i klasserommet. Ved å møtast ansikt til ansikt kan gjerningspersonen og den som var utsett for den valdelege handlinga, få snakka saman.

- Gjerningspersonen får moglegheit til å ta ansvar for det som er skjedd. Den som har vorte utsett for handlinga kan gi uttrykk for konsekvensane og kva som skal til for å bøta på skaden og retta opp igjen balansen. Mange får skværa opp. Gjennom forsikringar frå gjerningspersonen kan møtet reduserer frykta for at noko slikt skal skje igjen, seier Ellen Ystgaard Tjemsland.

Avtale om framtidig møte

Det er frivillig å møta i konfliktrådet. Dersom det er ei straffesak – og det ikkje blir inngått nokon avtale mellom partane, blir saka returnert til politiet. Då er det opp til politi/påtala kva reaksjon som skal givast. Men ifølgje konfliktrådsleiaren, endar dei fleste sakene med avtale. Avtalen kan til dømes innehalda økonomisk erstatning dersom klede eller gjenstandar er øydelagde, at gjerningspersonen ber om unnskyldning - og forsikringar om at handlinga ikkje skal gjentakast.

-Dessutan er det viktig at avtalen inneber ei semje om korleis dei skal oppføra seg mot kvarandre når dei møtest på skulen, i butikken eller ein annan stad i nærmiljøet. På den måten kan avtalen redusera engstelsen dei måtte ha for kva som skjer når dei møtest igjen.

Saka frå Hersleb skule vart oversend Konfliktrådet i Oslo og Akershus denne veka, og i løpet av få dagar vil meklarar ta kontakt med ungdommane – og deira føresette dersom dei er under 18 år.