Utklipp av FINN.no-logoen

Derfor slo han til, personen ein annan stad i landet, og overførte pengar. Men mobilen utevart!

Stadig fleire blir utsette for svindel på nettet. Det er likevel få som melder denne typen kriminalitet til politiet, skriv politiet på nettsidene sine.

Fann ei løysing

Men det vart gjort i denne saka. Politiet fann personen som hadde fått pengar, og sende saka til konfliktrådet. Konfliktrådet gjennomførte meklingsmøte via videokonferanseutstyret som alle konfliktrådskontor i Noreg har. Ein konfliktrådsmeklar sat nord i landet med den eine parten og ein meklar sat sørpå med parten som budde der. Og saman fann dei ei løysing som var god for begge partar.

Andre liknande saker som fekk løysinga si i konfliktrådet var 15-åringen som selde bildelar, men der kjøparen aldri fekk noko tilsendt varet sjølv om den var betalt. Her vart det eit meklingsmøte der partane inngjekk avtale. Ein annan bil som vart seld på Finn.no, viste seg å ha manglar. Her vart saka løyst med ein økonomisk avtale som begge var fornøgd med.  Småbarnsmoren som vende seg til konfliktrådet etter at ho hadde bestilt barneklede, men aldri fått nokon pakke i posten – fekk likevel ingen å møta i konfliktrådet. «Seljaren» gjorde seg etter kvart utilgjengeleg.

Nettsvindel

Nettsvindel er ein type bedrageri som blir utført ved bruk av internett, som til dømes via SMS, telefon, e-post, applikasjonar og nettsider. Metodane som blir brukte er varierte, men felles for nettsvindel er motivet om økonomisk vinning.

-Me har hatt nokre saker med svindel på nett. Det har vore mobilar og smykke som har vorte selde utan at varet har komme til den som har betalt for varet, fortel konfliktrådsleiar Grete Stabekk i konfliktrådet i Oppland.

Vanskeleg å finna personen

-Men det som oftast skjer i saker med svindel på nett, er at konfliktrådet ikkje finn den andre personen. Den som har vorte svindla kontaktar konfliktrådet, men den som svindlar har gjerne oppretta ein falsk profil, oppgitt feilaktig namn eller eit telefonnummer som ikkje er i bruk. Dermed oppnår ikkje konfliktrådet kontakt med parten, og saka må avsluttast i konfliktrådet som ikkje laust, seier Stabekk.

På nettstaden Finn.no fortel Geir Petter Gjefsen som er ansvarlege for Forbrukertrygghet i FINN, at i 2017 vart det publisert 7,5 millionar annonsar på Finn.no. I dei aller, aller fleste handlane går ting for seg akkurat som dei skal, men i nokre tilfelle, som elles i samfunnet, så er det nokon som blir utsett for ei uønskt hending.

Han har følgjande oppmoding til alle som besøkjer FINN:

- Generelt sett kan eg seia at det viktig for oss at ein føler seg trygg når ein handlar på FINN, og eg har inntrykk av at dei aller fleste føler seg trygge. Men eg vil oppmoda alle som opplever noko uønskt til å ta kontakt med oss.

Verd eit forsøk

Konfliktrådet kan òg bli kontakta om du har opplevd svindel/bedrageri på nett. Du bør òg melda slike saker til politiet. I konfliktrådet vil me prøva å finna den andre personen og leggja til rette for eit møte der dere sjølv gjennom dialog, kan finna fram til gode løysingar. Det er verd eit forsøk.

Mange har møtt naboen sin, ein familiemedlem, ein arbeidskollega, ein dei møtte ute på by`n, ein klassekamerat eller andre dei har ei usemje eller konflikt med. Nærmiljøkonfliktar og økonomiske konfliktar utgjer nesten halvparten av dei sivile sakene. Eit møte i konfliktrådet kan oppklara misforståingar. Erfaring viser òg at når konflikten blir belyst frå fleire sider, kan det bli lettare å finna fram til ei løysing alle kan godta.

Sak kan meldast inn digitalt

Talet på mottekne sivile saker per 2. tertial har variert mellom 1300 – 1550 saker dei siste fem åra. I år viser talet på saker ein markert auke. Det betyr at fleire får kjennskap til konfliktrådet. Ei målretta marknadsføring, digitale løysingar for brukarar, satsing på sosiale medium og synlighet i media, er truleg årsakene til at kunnskapen i samfunnet om konfliktråd, mekling og alternative straffereaksjonar aukar.  At det hausten 2017 vart mogleg å melda inn sivile saker digitalt – via nettsida vår - har i tillegg gjord terskelen for å melda inn saker lågare.

Konfliktrådet har ca. 7500 saker i året – fordelt på straffesaker frå politiet og sivile saker.  I den sistnemnde kategorien er det òg saker frå politiet der lovbrytaren er under strafferettsleg alder (15 år), medan hovudtyngda er saker som partane sjølv bringar inn for konfliktrådet. I mekling blir dialogen brukt - slik at partane i større grad får innsikt i handlingane kvarandres, synspunkt og kjensler.

Mange fordeler

Kva er så fordelen ved å bruka konfliktrådet i sivile saker? Kort behandlingstid, gratis, konfliktar kan bli løyst på lågast mogleg nivå, du får prata ut med ho du er i konflikt med – og via aktiv deltaking og medråderett i løysinga så er du sjølv med på å påverka resultatet og eventuelt inngå avtale.

300 fleire brukarar har fått tilbod om å delta i brukarundersøkinga til konfliktrådet i inneverande år enn i same periode i fjor, men svarprosenten er noko lågare. 86 % av partane i undersøkinga svarer at konfliktråd var eit godt val i deira situasjon, og 85 % er i ettertid fornøgd med avtalen dei inngjekk

Fleire fornærma som har fått nakenbileta sine delt vidare frå andre fortel om ein kvardag som er prega av angst, mobbing, høgt fråvær på skulen og ei kjensle av å stå åleine.

Ei jente som no er 19 år fortalde i konfliktrådet at ho som 16-åring sende nakenbilete av seg sjølv til den dåverande kjærasten sin. – Det var jo ei forventning om å senda nakenbilete fordi «alle andre» gjorde det og eg gjorde det fordi eg stolte på han eg var saman med. Då fekk eg liksom ei stadfesting på at eg var digg, men det burde eg ikkje gjort. For då det vart slutt og han delte dei bileta vidare så rasa heile verda saman. Heldigvis går det betre med meg i dag.

Tall vedr nakenbilder 2

Ikkje fordømmelse

Vi veit at den fornærma kan vera unge menneske i sårbare situasjonar som står på terskelen til vaksenlivet. Då er det viktig at vedkommande blir møtt med forståing og ikkje fordømmelse.  I meklingsmøtet kan slike saker by på sterke kjensler. Nokon bryt saman i gråt og seier at det var berre den som fekk biletet som skulle sjå det, ikkje alle andre, og at livet ikkje lenger er verd å leva. Då har dei behov for å snakka, reflektera, tenkja og oppleva at dei blir tekne på alvor. Fleire fornærma slit med skuldkjensle, medan andre er sint på gjerningspersonen. Og fordi nokon har valt å dela dei private og intime bileta deira vidare så føler dei seg demotivert for å fullføra utdanning, orkar ikkje å jobba, er redd for å gå ut og føler at livet er sett på vent.

– Eg har ikkje tort å seia det til foreldra mine endå. Og venner snur ryggen til meg, baksnakkar meg og eg blir kalla for hora. Eg skjønner ikkje kvifor vennene mine ikkje støttar meg. Eg har jo ikkje gjort noko gale, seier ei fortvila jente på 17 år. Ho sende nakenbilete av seg sjølv til ein kjærast som sende dei vidare til vennene sine.

 

Kva gjer du viss du får eit nakenbilete?

Viss du får eit nakenbilete eller ein nakenfilm frå nokon som sender det direkte til deg,er det lovleg dersom personen er over 18 år. Viss personen er under 18 år er biletet/filmen å rekna som "framstilling som seksualiserer barn" og å ha noko som helst å gjere med dette blir ramma av straffelova § 311. Det finst rett nok nokre unntak dersom personen på biletet/filmen er mellom 16 og 18 år - og det finst samtykke og likskap i alder og utvikling, men det er aldri lov når personen er under 16 år.

Kva skjer vidare i denne typen saker? Ei løysing kan vera at politiet oversender saka til konfliktrådsbehandling viss partane samtykkjer til å møtast. Ein fornærma part kan ha behov for å ansvarleggjera personen og snakka ansikt til ansikt og kanskje få ei unnskyldning. Det som var kult å gjera då biletet eller filmen vart delt, kan vera utruleg skamfullt, flytte og pinleg i ettertid, men det handlar om å møtast for å ta ansvar for sine eigne handlingar. I Konfliktrådet er det gratis og frivillig å møta og det handlar om å komma fram til løysingar som alle partar kan leva med. Meklarane har forsamtale med kvar av partane slik at møtet skal opplevast trygt og føreseieleg for alle partar og andre ramma.

Ramma partar på begge sider

Det kan vera flautt å snakka med foreldra sine om det ein har gjort og fleire unge kan føla at skamma er for stor. På møta i konfliktrådet skal den fornærma blir teke på alvor og det skal leggjast til rette for at gjerningspersonen skal ta ansvar for handlingane sine.  Det blir gjort eit godt forarbeid med forsamtalar før begge partane møtest. Meklarar eller tilretteleggere leiar møta i konfliktrådet. Partane kan ha med seg støttepersonar eller andre ramma partar som søsken, venner, foreldre, besteforeldre eller annan familie.

Det kan vera nyttig for gjerningspersonen å høyra kva konsekvensar handlinga har hatt, både for fornærma og ramma. I møta i konfliktrådet handlar det ikkje berre om handlinga i seg sjølv, men også kjenslene og synspunkta til partane som er ramma.

Den andre personen var jo tillitsvekkende og hyggjeleg. Du følte at du kunne stola på vedkommande og dialogen gjekk så greitt. Men så viste det seg at du vart lurt og du kan føla deg irritert, dum og såra som eigentleg burde visst betre. Nokre av desse sakene hamnar i konfliktrådet.

Det finst mange typar svindel og bedrageri. Ein gjengangar kvart år er kjøp av konsertbillettar som viser seg å vera falske, men andre døme kan vera kjøp av mobiltelefonar i dårlegare stand enn lova, bruktbil som har fleire manglar enn seljar oppgav, misbruk og svindel i ditt namn, manglande betaling for ein send vare og mykje meir.

Du har fleire val

Så kva vil du gjera viss tillitten til andre blir broten og du blir svindla? Svaret er sjølvsagt individuelt, men nokon ønskjer at gjerningspersonen skal betala tilbake, få ein lærepenge, bli politimeldt og få ei straff. Då kan det vera ein idé å ta kontakt med Forbrukarrådet, Forliksrådet eller Politiet.

Samtidig er det nokon som ønskjer å møta gjerningspersonen ansikt til ansikt for å forklara med sine eigne ord korleis krenkinga har påverka dei, slik at vedkommande kan forstå konsekvensane av handlingane sine. Då kan det handla om forventningar til ei konsertoppleving som ikkje blir innfridd, tilleggsutgifter i form av reise og opphald og kjensle av svik og bedrageri. For dei som ønskjer denne løysinga handlar det ikkje berre om pengane eller dei materielle verdiane, men om å få svar på spørsmål som berre gjerningspersonen kan svara på. Viss du ønskjer denne løysinga kan møte i konfliktrådet vera eit godt alternativ for deg.

Pressemeldinga som vart sendt ut frå Konfliktrådet i Oslo og Akershus i går, melder om ein saksauke som «kjem hovudsakleg av at publikum har meldt inn langt fleire saker direkte til konfliktrådet. Det betyr at fleire oppdagar konfliktrådet som ein gratis, rask og nyttig instans for løysing av ulike konfliktar. Det er enkelt og trygt å melda ei sak inn via nettsidene til konfliktrådet. Folk ønskjer å ordna opp i nabokonfliktar eller familierelasjonar som har vorte vanskelege. Mange har òg meldt inn saker om økonomiske forhold».

Fornærma som har møtt gjerningspersonen i konfliktrådet kan forklara at det er vanskeleg å stola på folk, dei passar ekstra godt på verdisakene når liknande personar som gjerningspersonen tek kontakt og den grunnleggjande tilliten til andre er ikkje lenger til stades. Når gjerningspersonen får høyra dette og tek ansvar og seier unnskyld, kan noko av tryggleiken til fornærma bli retta opp igjen og grunnlaget for ei god løysing vera lagd. Gjerningspersonen har òg sagt at det har vore ein befrielse å kunna ta ansvar og sleppa å slita med dårleg samvit for det han eller ho har gjort. Og samtidig vise for andre enn seg sjølv at den personen ikkje er vond eller ute etter å skada andre.

Tru på menneske

No om sommaren er det eit stort utval av festivalar og mange har gledd seg lenge til å sjå favorittartistane sine og skapa minne for livet saman med venner. Dessverre er det ikkje alltid det ender slik. Eit døme frå ei tidlegare sak i konfliktrådet er ei ung jente som hadde kjøpt vekepass til Øyafestivalen via finn.no og betalte på førehand, men så fekk ho aldri billetten. Ho visste kven seljaren var, men ho svarte ikkje på førespurnadene. Derfor tok kjøper kontakt med konfliktrådet og ønskte å møta motparten for å sjå henne i auga og få ei forklaring på kvifor seljaren hadde svindla henne. Konfliktrådet tok kontakt med seljaren som var ei anna ung jente som var desperat etter pengar på det tidspunktet, og i ettertid angra ho seg veldig og var innstilt på å gjera opp for seg. Dei to møttest i konfliktrådet og fekk snakka saman om kva som hadde skjedd og fekk skrive ein avtale der seljaren fekk gjort opp for seg. Etter at avtalen var innfridd så fekk ho òg letta samvitet sitt og moglegheit til å gå vidare med livet sitt.

For å unngå at dette skjer med deg, så kan det vera lurt å ikkje betala på førehand og ikkje gi frå deg sensitive opplysningar som personnummeret ditt. I tillegg har Forbrukarrådet fleire gode tips på nettsidene sine og har òg ein rådgivingstelefon.

I saker som omhandlar svindel og krenkingar er det ikkje berre pengebeløpet eller materielle verdiar som partane kan ønskja å få tilbake. Ei form for oppreising kan òg vera ei unnskyldning og ansvarlegegjøring av gjerningspersonen og det er ofte mogleg i møte mellom menneske. Møta mellom menneske passar nok ikkje for alle, men konfliktrådet legg til rette for at du kan finna ei løysing som passar for deg.

Konfliktrådet rettleier fleire som er i fortvila situasjonar fordi dei har betalt på førehand for ei vare dei aldri har fått eller ikkje har fått betaling for ei vare som er sendt. Felles er at dei fleste i ettertid seier at dei stolte på den andre parten og hadde ein grunnleggjande tillit til vedkommande, og det kjennest krenkjande å bli lurt og bedrege.

Ein annan motivasjon er at eg vil vera ein god son for mora mi. Gjennom straffa så har me fått eit nærare forhold. No høyrer eg på henne og ho har vore med i oppfølgingsteamet.

Det er «Martin» på 17 år som fortel. Han vart først gitt ungdomsoppfølging i 6 månader for narkotikabruk – og så ein vilkårsdom med vilkår om ungdomsoppfølging i 12 månader til for vald. Subsidiert i straffa hans er 60 dagars vilkårslaust fengsel og 2 års prøvetid.

Usemjer, slåssing og to gutegjengar som «kriga» mot kvarandre var årsaka til at «Martin» vart dømde for vald. Då han fekk moglegheit til ungdomsoppfølging, sa han ja – men innrømmer at det vart tøffare enn han hadde tenkt. Ungdom mellom 15-18 år som har begått kriminalitet og som treng tett oppfølging over tid, kan få ungdomsoppfølging. Reaksjonane inneber tett oppfølging av kvar enkelt ungdom – der det mellom anna blir utarbeidd ein individuell plan som ungdommen må innfri. Eit oppfølgingsteam beståande av støttepersonar frå offentlege etatar og det private nettverket følgjer ungdommen.

«Martin» har eit klart svar til dei som meiner at ungdomsoppfølging er eit «soft» tiltak utan krav.

- Fleire har spurt meg om det.  Det er ikkje soft akkurat! Det er meir forståeleg. Den tiltalte skal forstå kva han har gjort og prinsippet bak ungdomsoppfølging. Det handlar om rehabilitering og å få eit anna perspektiv på ting. I ungdomsplanen står det mellom anna at eg må komma meg på jobb, ikkje gjera nokon lovbrot og levera urinprøver. Det er greitt og det går bra.

Irriterande med så mange møter

- Kva er det mest irriterande med ungdomsoppfølging?

- Det er irriterande at eg blir tilkalla i så mange møte. Og eg må søkja om eg skal på ferie og eg kan få eit nei. Dei vurderer jo ulikt frå person til person. Men viss eg ikkje begår nye lovbrot så ser dei det an. Eg kan reisa med mamma, men det jo blir vanskeleg viss eg skal reisa med kjærasten min.

- Kva har du lært av straffegjennomføringa?

- Eg har lært å vera meir sjølvstendig. Å ta nokre gode val. Det du gjer kan «bita deg skikkeleg i ræva» og påverka framtida di for alltid, seier «Martin» som på spørsmål om han er sikker på at han er ferdig med kriminalitet, forsikrar at «ein kan aldri seia aldri» - men at det absolutt ikkje er ein plan å halda fram med lovbrot. Han meiner òg å ha endra syn på kriminalitet etter straffegjennomføringa.

- Ja, eg er ikkje der det pleier å skje ting. Eg held meg unna, seier Martin og fortel at han helser på gutegjengen «sin» når han møter dei, men heng ikkje med dei lenger.

Møte med fornærma

Ein del av straffa handlar òg om å møta fornærma i eit gjenopprettende møte viss fornærma ønskjer det. I Martins sak så har ikkje eit slikt møte funne stad – i alle fall ikkje førebels. «Martin» har via ungdomskoordinatoren sin i konfliktrådet gitt beskjed til dei gutane valden gjekk utover at «det var kipt» det han gjorde.

- Eg har sett ein av dei. Eg har ikkje gått bort og snakka, kanskje han blir redd. Men eg kan gjerne snakka med dei og høyra hans del av historia og eg kan fortelja min.

- Korleis ser framtida di ut?  Kva er draumen?

- Eg har mange draumar. Ein av draumane mine er å bu på strandhus på Bali. Han smiler og ler.

- Neida, alvorleg talt, eg ser for meg at framtida mi blir fin, seier «Martin» som i dag er i jobb og seier han trivst godt og har det gøy på jobb.

210 har fått ungdomsoppfølging

Halvårstala frå Konfliktrådet i Oslo og Akershus viser at 46 ungdommar har fått ungdomsstraff eller ungdomsoppfølging mot 34 på same tid i fjor. På landsplan har 29 ungdommar fått ungdomsstraff hittil i år mot 14 på same tidspunkt i fjor og 210 har fått ungdomsoppfølging, mot 185 i juni i fjor. Tala viser ein auka bruk av straffereaksjonane som Konfliktrådet forvaltar.

Ungdommane som får ungdomsstraff og ungdomsoppfølging av politiet sonar straffa i fridom. Målet er å byggja sosiale murar rundt ungdommen i staden for fengselsmurar. Men samtidig blir det stilt strenge krav til kva ein kan gjera og kva ein får lov til. Ikkje alle klarer å gjennomføra – som «Martin».

- Eg har endra fokus i livet sitt og følgjer reglane, seier 17-åringen.

Foreldra kontakta politiet etter at ein av gutane vart dytta så hardt at han datt og brekte armen på ein idrettsdag på skulen. Dette meiner dei var gjorde med overlegg, og dei var skuffa over at skulen ikkje hadde teke tak i det. Politiet kontaktar Konfliktrådet og saka blir vurdert eigna for eit stormøte. Alle partar blir innkalla til formøte der det blir gode samtalar, og foreldra ønskjer ein «opprydding» i gutegjengen.

P1060630

Konflikt mellom foreldra

Alle møter til stormøte der det er tre tilretteleggere/meklarar. Både gutane og foreldra bli stilte spørsmål etter tur, ifølgje det skripet med faste spørsmål som blir brukte i eit stormøte. Etter kvart viser det seg at foreldra har meir på hjartet enn konflikten mellom gutane. Alle ønskjer eigentleg ei løysing, men dei underliggjande problema gjer det vanskeleg. Etter kvart spør tilretteleggerne om foreldra kan godta at gutane blir med på eit anna rom og held fram saman med ein av tilretteleggerne. Alle godtek det.

«Sånn vil me ha det»

På dette møtet laga gutane ein plan på korleis dei ønskte å ha det og korleis alle skulle kunna kjenna seg trygge. Det vart skrive ein avtale som vart lest opp for foreldra.

I «voksengruppa» hadde det gått varmt for seg, der var naboskap, vennskap og andre problem diskutert med høgt engasjement. Etter kvart hadde dei likevel vorte såpass samde at dei kunne ta kvarandre i hendene. Dei var òg svært fornøgd med at gutane hadde klart å ordna opp på eigenhand. Dei skulle vera aktive for å prøva å førebyggja mobbesituasjoner framover ved å spørja gutane jamleg korleis skuledagen hadde vore og om avtalen vart følgd opp.

«Det var ein lang ettermiddag og kveld, men det var verd det», var tilretteleggernes samstemde kommentar etter stormøtet.

(mer…)

-Eg får ikkje lønt og feriepengane mine som me avtalte. Dette er utsegner frå menneske som har hatt eit ønske om å løysa konflikten på arbeidsplassen i konfliktrådet.

-Dei fleste arbeidslivskonfliktar som kjem til oss gjeld det psykososiale miljøet, fortel leiar i konfliktrådet i Telemark Torhild Irene Jensen. -Gjenopprettende prosessar som konfliktrådet gjennomfører, er eit kjempeverktøy for å løysa arbeidslivskonfliktar.

Arbeidsmiljølova

Men konfliktrådsleiar Jensen er tydeleg på at konfliktrådet i møta sine ikkje må gå utover lovene i arbeidsmiljølova og andre reglar og føresegner som gjeld i arbeidslivet.

-Meklarane i konfliktrådet må vera klar over dette slik at partane ikkje avtaler noko som går på tvers av føresegner i arbeidsmiljølova, seier ho, og fortel at konfliktrådet i Telemark har inngått eit samarbeid med Arbeidslivssenteret i Telemark.

Fleire arbeidsrelaterte konfliktar i konfliktrådet

I løpet av 2017 har konfliktråda i Noreg tilrettelagt for møte som handlar om truslar på arbeidsplassen, mobbing og trakassering mellom kollegaer, samarbeidsproblem mellom tilsette og feilaktige utbetalingar av lønn, feriepengar og bonusar.

Det er både arbeidsgivarar og arbeidstakarar som kontaktar konfliktrådet. Då får dei beskjed om at det er frivillig å møta i konfliktrådet, det føreset samtykke frå alle partar og at konfliktrådet legg til rette for møte der dei sjølv gjennom dialog, kan finna fram til gode løysingar. Gjeld konflikten mellom to tilsette, vil konfliktrådet òg leggja til rette for at arbeidsgivar kan delta i møtet.

-Arbeidsgivar har eit ansvar for arbeidsmiljøet. Derfor er  leiar til stades i konfliktrådsmøta. Det er jo dei som skal følgja arbeidstakarane opp i etterkant, seier Torhild Irene Jensen

Konfliktar eit gode eller eit vonde

«Konflikter er et gode når de håndteres godt.» Det er på nettstedet  www.idebanken.org ein kan lesa dette og vidare at:

«Konfliktar er i seg sjølv verken eit gode eller eit vonde. Dei kan både ha positive og negative sider. Konfliktar avdekkjer og gjer tydeleg viktige tema. Handtert på riktig måte kan konfliktar vera ei kjelde til utvikling, læring og lettare relasjonar.»

Det var eit godt møte

Kanskje konfliktrådet kan nyttast meir  i arbeidsrelaterte konfliktar.

«Det var eit godt møte, sa ein tilsett etter eit møte i konfliktrådet.» Ho hadde i fleire år hatt samarbeidsutfordringar med ein kollega. Det var arbeidsgivar som hadde bede konfliktrådet om å leggja til rette for eit møte der dei kunne snakka ut om samarbeidsproblema sine med ein upartisk meklar til stades.

Konfliktrådet er ei gratis teneste som også arbeidstakarar og arbeidsgivarar kan nytta seg av.

Dei som har vore utsette for overgrep har ulike behov for hjelp og for nokon vil ein del av omarbeidinga kunna vera å møta gjerningspersonen på nytt i trygge omgivnader. Konfliktrådet kan hjelpa til med å kontakta den andre parten – og dessutan innkalla, førebu og leia eit slikt tilrettelagt møte.

Slike samtaler og oppfølging er eit alternativ – eller tillegg - til den ordinære straffeprosessen. Målet med eit møte i konfliktrådet er å sikra betre varetaking av offera, omarbeida tillitsbrot og skadde relasjonar gjennom dialog mellom offer og gjerningsperson. Det tek òg sikte på å hindra gjentaking av overgrep gjennom å byggja opp private nettverk.

Nokon treng å fortelja kva hendinga har gjort med dei – eller stille spørsmål som berre gjerningspersonen kan svara på. Når valden har skjedd mellom personar som kjenner kvarandre – og som må forhalda seg til kvarandre i framtida – kan eit møte ansikt til ansikt bidra til auka tryggleik i framtida, og avtaler av praktisk art.  Mange saker blir oversende frå politiet, men det er òg mogleg å ta direkte kontakt med konfliktrådet der du bur. Både tilsette og meklarar (som i desse sakene kallast tilretteleggere) i konfliktrådet har teieplikt. Det er gratis å nytta seg av konfliktrådet.

Konfliktrådet er frivillig slik at begge partar må samtykkja til å møta. Når samtykket er innhenta vil tilretteleggere ta kontakt med den fornærma parten på telefon først, deretter gjerningsperson og avtala tidspunkt for formøte og tilrettelagt møte. I slike saker vil det vera to tilretteleggere – ofte ein av kvart kjønn.

I forsamtalen som blir gjennomført med kvar part for seg (og der den andre parten ikkje blir informert om møtetidpunkt) vil det òg avklarast om det er behov for å ha med støttepersonar, både frå privat og profesjonelt nettverk – og dessutan løfte stemma til barna der det er aktuelt. Aktuelle spørsmål under forsamtalen er:

-Kva bekymringar/forventingar/behov har du til møtet? – Kven andre tenkjer du er ramma? Du vil òg bli nøye informert om kva som skal skje i møtet, kva spørsmål du vil få og andre forhold som er nødvendig få snakka om før møtet. Møtet mellom partane skal vera føreseieleg for deg.

Web 2 Vold i nære relasjoner

Ikkje bagatellisera valden

Før, under og etter møtet vil partane aldri vera åleine i venterom eller møterom. Ein legg til rette vil alltid vera til stades – og dei vil òg sørgja for at partane forlèt møtet på ulik tid. Viss det er behov for fleire møte vil partane avtala det.

Tilretteleggere skal opptre upartisk, og vil behandla begge partar med respekt. Det å opptre upartisk er ikkje å bagatellisera valden eller truslane, utgangspunktet og forventinga vil vera at valdsutøvar tek ansvar for valden – når saka har komme til konfliktrådet.

Om det er gitt besøksforbod i saka må avtalar gjort i konfliktrådet, halda seg innanfor ramma av det gitte besøksforbodet.

Målet er ikkje at dei skal bli samde, med at begge får komma til ordet, lyttar til kvarandre og kanskje komma med ønske om korleis dei skal forhalda seg til kvarandre i framtida.

For dei som er utsett kan møta skapa ei tryggare framtid, og for gjerningspersonane kan det vera viktig å rydda opp og ta ansvar for det som har skjedd, slik at m.a. brotne relasjonar kan rettast opp igjen.